Hopp til innhold

Arbeidarpartiet vil gje skilsmisse til vestlandsfylka

I morgon kjem Arbeidarpartiet til å fremje eit forslag i Stortinget om at Hordaland og Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke. I fylkestinget same dagen, røystar dei i mot Senterpartiet sitt forslag om det same.

Ingrid Heggø

VIL GJE SKILSMISSE: Ingrid Heggø (Ap) kjem til å fremje eit forslag i Stortinget tysdag. Ho vil oppheve samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi vil innvilge ei skilsmisse til dei to fylka, fordi vi meiner at regjeringa ikkje har kome med gode forslag til kva nye oppgåver eit storfylke kan få ansvaret for, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Arbeidarpartiet er i utgangspunktet positive til ei fylkessamanslåing, men er kritiske til regionreforma til regjeringa og dei tidlegare samarbeidspartia Venstre og KrF.

Forslaget til Arbeidarpartiet kjem neppe til å få fleirtal i Stortinget, men Heggø meiner det er rett å syne motstand.

– Slik situasjonen er no, meiner vi at både Sogn og Fjordane og Hordaland bør halde fram som eige fylke.

Arbeidarpartiet ikkje med på skilsmisse i fylkestinget

Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane er vedteke både i Stortinget og i dei to fylkestinga. Når Sogn og Fjordane fylkesting skal ha møte i morgon, er saka i utgangspunktet ikkje eit tema.

Likevel har Senterpartiet varsla at dei kjem til å fremja eit forslag.

– Vi jobbar med eit forslag som går på oppheving av samanslåinga, fortel Aleksander Øren Heen (Sp).

Sjølv om ein skulle tru at dette var i tråd med Ap sitt ønske, har ikkje dei planar om å stille seg bak forslaget.

Åshild Kjelsnes

VIL IKKJE RØYSTE MED SENTERPARTIET: Åshild Kjelsnes og Arbeidarpartiet har ikkje tenkt å stille seg bak Sp sitt forslag om å oppheve samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi kjem med vårt eige forslag som gjer det klart at det no er Stortinget som sit på nøkkelen, seier fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes (Ap).

Kvifor røystar de ikkje for forslaget til Senterpartiet?

– For oss er det viktig å ikkje setje intensjonsavtalen mellom dei to fylka i spel. vi vil ikkje stå på bar bakke, dersom Stortinget held fram med sitt vedtak om å slå i hop dei to fylka, seier Kjelsnes.