Hopp til innhold

Arbeidarpartiet vann skulevalet – igjen

For tredje val på rad er Arbeidarpartiet vinnarane av skulevalet i Sogn og Fjordane. Likevel er det ikkje dette partiet som synte størst framgang.

Skuledebatt Stryn

ARBEIDARPARTIET VANN: Men fleire parti gler seg over resultata frå årets skuleval. Her frå skulevalet ved Stryn vidaregåande skule.

Foto: NRK

Vallogo

Med 26,1 prosent trekkjer dei nok ein gong det lengste strået i skulevalet i fylket. I år auka dei med 3,8 prosent samanlikna med 2013.

– Latterleg god stemning

Torbjørn Vereide

FULL JUBEL: Torbjørn Vereide smiler, om mogleg, endå breiare i dag enn det han gjorde under skulevalet i Høyanger tidlegare i haust.

Foto: Privat

For Arbeidarpartiet er det Torbjørn Vereide frå Sandane som har stått for fleire av debattane. Det er ein svært glad mann NRK møter over telefonen.

– Det er latterleg god stemning no, seier han.

Det er tydeleg at resultata har falle i god jord hos AUF-aren som står på 4.-plass på fylkestingslista til Arbeidarpartiet. Han håpar no at slike tal vil gjere seg gjeldande også i kommune- og fylkestingsvalet i neste veke.

– Vi har jobba så knallhardt for dette og snakka med så mange elevar, så det er veldig inspirerande å få slike resultat. Det høyrest veldig ut som eit typisk svar frå ein politikar, men når ein legg sjela si i arbeidet så er det utruleg godt å få stadfesta at fleire er samde med oss, seier Vereide.

skulevalg sogn og fjordane 2015
Foto: Skjermdump/samfunnsveven.no

MDG fjerde største parti

Den kanskje største overraskinga i årets skuleval er resultatet til Miljøpartiet dei grøne. Sidan skulevalet i 2011 har dei gått frå 0,5 prosent av stemmene til 8,2 prosent i år. Frå hybelen til leiaren i ungdomspartiet deira, Grøn Ungdom, på Sandane, er det høge jubelrop å høyre.

– Stemninga er ganske bra. Det er veldig kult at så mange begynner å interessere seg for ein grøn politikk, noko som er livsviktig for alle som lever på jorda, seier Bendik Vasstein Carlsen.

Full jubel for Grøn Ungdom

HØG STEMNING: På hybelen til Bendik Vasstein Carlsen, leiar i Grøn Ungdom. Frå venstre: Kristian Klokkernes Olsen, Ida Beate Løken, Jeffrey Meijer, Ingrid Nedrebø, Marièl Koren, Solveig Villung og Rakel Russøy.

Foto: Bendik Vasstein Carlsen

Carlsen håpar dette resultatet kan ha ein overføringsverdi til kommune- og fylkestingsvalet.

– Det håpar eg verkeleg. Det er ganske interessant kva vi kan få til berre med eitt par menneske, og med fleire i ryggen kan vi få til endå meir. Det er det vi treng.

Størst framgang for Senterpartiet

Bak Arbeidarpartiet kjem Senterpartiet med 21,7 prosent av stemmene. Dei er partiet som har størst framgang sidan førre skuleval. Då sanka dei 14,8 prosent av stemmene på dei vidaregåande skulane, men har no auka med 6,9 prosent sidan då.

– Det er vi veldig glade for, seier Aleksander Øren Heen, som er ordførarkandidat for partiet i Årdal.

Alexander Øren Heen

MEST FRAM: Senterpartiet går fram med 6,4 prosent frå førre skuleval i 2013. Aleksander Øren Heen er svært nøgd.

Foto: Truls Sylvarnes

Øren Heen, som også er leiar i Årdal Senterparti, har sjølv vore med på mange av skulevala rundt om i fylket. Han har allereie begynt å tenke på neste skuleval, og trur årets resultat kan bli endå betre.

– Det er alltid eit mål for oss å vinne skulevala, men vi slit litt i Florø og i Vågsøy, så vi har ein jobb å gjere. Eg meiner skulevala er ein suksessfaktor, og det er viktig å ha unge representantar for partiet, seier ordførarkandidaten.

Høgre tapar mest

Ved årets skuleval er det Høgre som går mest tilbake - med heile 7,7 prosent frå førre val. Dei enda med ein stemmeprosent på 13,3 prosent og er likevel det tredje største partiet.

Også Venstre tapar. Dei går ned med 4,1 prosent frå 2013 og enda i år på 7,8 prosent. Dårlegast ut kom Partiet dei Kristne og Kystpartiet.