Tidlegare i haust sto tenesta i fare for å bli lagd ned grunna pengemangel. Dykkar Reidar Kirketeig seier pengane skal gå til å betre tenesta.
Men dei er framleis avhengige av støtte frå fylkeskommunen og kommunane for å oppretthalde drifta, seier Kirketeig.
Fare for nedlegging
Saman utgjer Tomas Marcinkowski og Reidar Kirketeig den frivillige redningsdykkartenesta i Sogn og Fjordane. Tidlegare var dei fleire, no var dei på nippet til å forsvinne heilt. Skulle tenesta eksistere også i 2005, måtte nokon hoste opp 150 000 kroner. Men pengane let vente på seg.
Planen er at Helse Førde, fylkeskommunen og kommunane skal spleise på pengane til drifta, men kommunane held på kronene sine. Difor var gåva frå dei tidlegare Ankerløkken-tilsette kjærkomen.
Redningsdykkarane Tomas Marcinkowski og Reidar Kirketeig på oppdrag. Foto Steinar Lote NRK