Hopp til innhold

Arbeidarane kom seg ut like før steinen trefte

Ei brakke vart totalskadd i steinraset i Lærdal fredag kveld. Bærplukkarane som budde i brakka kom seg ut like før raset kom. - Skremmande, seier ordføraren i Lærdal.

Brakka vart totalskadd av steinen

STORE SKADAR: Steinen gjekk tvers gjennom brakka. Heldigvis hadde arbeidarane som budde der kome seg ut.

Foto: NRK-tipsar

Lars Ove Voll bur på Tønjum i Lærdal, like nedanfor rasstaden. Brakka som vart treft av steinraset står på tomta hans.

– Det er ein brakkerigg som ligg 100 meter frå huset mitt. Ein svær stein gjekk tvers gjennom den eine. Alle som var i brakka kom seg ut, fortel han.

Sjølv sat han på verandaen saman med sambuaren, då det byrja å rumle oppe i fjellsida.

– Vi trudde først det var torever, det regna jo kraftig. Då eg såg rundt hjørnet på huset var det ein kvit sky oppe i fjellsida og arbeidarane som budde i brakka kom løpande nedover marka, seier han.

KVITE SKYER: Her går steinraset over Tønjum i Lærdal.

Det var fredag kveld at steinraset gjekk ved Tønjum i Lærdal. Politiet fekk melding om raset i 22-tida og var på staden ikkje lenge etterpå. Dei melde at det ikkje var skadar på personar og bygningar.

Store øydeleggingar

Voll fekk snakka med arbeidarane og sjekka at alle hadde det bra.

– Det såg ut som ei krigssone der oppe. Etter vi hadde sjekka at alle hadde det bra, drog vi ned til sambuaren sitt hus og overnatta der, fortel han.

Det var Porten.no som først omtala denne saka.

Store skadar

ØYDELAGT: Brakka var heilt øydelagt etter steinraset.

Foto: NRK-tipsar

Mark Brooks som eig brakkene, var på veg for å sjå kva som hadde skjedd, då han sjølv nesten vart treft av ein stor stein.

Kommunen har kontakta NVE

– Vi treng hjelp for å gjere dei vurderingane som trengst, så vi har kontakta NVE, seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim.

Han har i dag vore på rasstaden ved Tønjum.

– Det er alvorleg størrelse på steinblokkane som har kome ned. Det er veldig skremmande og det må ha vore ei dramatisk oppleving for dei som var tett på det, seier han.

Fredag kveld gjekk det også ras litt lengre oppe i dalen. Her vart rasteplassen ved Jutlamannen oversumt av vann og lausmassar, då eit elveløp tok ei ny retning.

Rasteplassen ved Jutlamannen i Lærdal

OVERSUMT: Slik så rasteplassen ved Jutlamannen i Lærdal ut, etter det kraftige regnfallet fredag.

Foto: Jan Geir Solheim