Fekk alvorlege syreskadar – Nordfjord Kjøtt varsla ikkje Arbeidstilsynet

LOEN (NRK.no): Marek Veis fekk alvorlege syreskadar, og huda på handa etsa vekk. Men Nordfjord Kjøtt melde aldri frå om uhellet til Arbeidstilsynet.

Marek Veis og den syreskadde handa

FEKK SYRESKADAR: Veis måtte gjennom operasjonar både ved Sentralsjukehuset i Førde og Haukeland etter syreskadane.

Foto: Asgeir Reksnes, NRK/Privat

Eg kjende ingenting, ho var heilt kjenslelaus, det var litt som at den var skikkeleg kald.

Marek Veis

– Eg jobba i kjøtdeig-avdelinga og var i gang med å vaske maskina. Til slikt arbeid nyttar vi sterke kjemikaliar.

– Eg brukte hanskar, men når eg var ferdig med jobben, tok eg av hansken og såg at handa mi hadde brannliknande skader. Men eg kjende ingenting, ho var heilt kjenslelaus, det var litt som at den var skikkeleg kald, fortel Marek Veis.

Måtte gjennom fleire operasjonar

Farleg syre hadde trengt inn i arbeidshansken til slovakiske Marek Veis. Å vaske maskiner og utstyr er ein normal del av arbeidsdagen, for hygienen sin del blir det brukt kjemikaliar som kan vere etsande.

Skadane viste seg å vere omfattande. Fyrst måtte han operere handa ved Førde sentralsjukehus, etter to dagar bar det vidare til Haukeland, her måtte han transplantere hud frå underarmen til skadestaden rundt handleddet.

– Eg har hatt bruk for rehabilitering, eg har hatt problem med handa heilt fram til i dag. Eitt og eit halvt år etter.

Veis seier han strevar med funksjonsnedsetjing i handa etter ulukka, og er plaga av at handa er svært nomen.

Arbeidsevna er nedsett og Veis jobbar i dag 50 prosent. Veis har via advokat reist krav om 150.000 kroner i erstatning for tort og svie etter ulukka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marek Veis og den syreskadde armen

TRANSPLANTASJON: Marek Veis måtte transplantere hud for å reparere den alvorlege syreskaden. Framleis er ikkje handa heilt frisk.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Nordfjord Kjøtt er dårlege på opplæring og informasjon

– Noko av det verste er at vi jobbar med sterke kjemikaliar. Eg har ikkje fått skikkeleg opplæring og visste knapt kva eg jobba med. Instruksane som var hengt opp var berre på norsk, og handla berre om korleis maskina skulle vaskast, ikkje noko om verneutstyr.

NRK har sett instruksane for vasking av maskina framlagt både av Marek Veis og av Nordfjord Kjøtt. I begge kopiane var instruksjonane berre skrivne på norsk. Illustrasjonsbilete forklarar òg korleis vaskinga skal gå føre seg.

Geir Egil Roksvåg

IKKJE NATURLEG: Geir Egil Rokgsvåg meinte det ikkje var naturleg å varsle om arbeidsulukka.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ved kvar nytilsetjing har vi grundig opplæring i HMS-rutinane våre knytt til produksjonen der kvar enkelt arbeider. Alle tilsette følgjast opp kvart andre år i tråd med Mattilsynet sine krav til HMS.

Geir Egil Roksvåg, Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt har fått alle påstandar frå Veis framlagt. Administrerande direktør Geir Egil Roksvåg vil ikkje kommentere personalsaker, men verksemda til NRK at all brukarinformasjon også blir informert om på slovakisk. Fotografi skal òg vise korleis prosedyrar skal følgjast.

Fleire av arbeidarane fortel om dårleg opplæring, at enkelte instruksjonar berre har vore skrive på norsk. Men Roksvåg tilbakeviser dette til NRK.

– Ved kvar nytilsetjing har vi grundig opplæring i HMS-rutinane våre knytt til produksjonen der kvar enkelt arbeider. Alle tilsette følgjast opp kvart andre år i tråd med Mattilsynet sine krav til HMS.

– I tillegg har vi kvart år eiga kvalitetssikring av eigne rutinar. Vi engasjerer no bedriftshelsetenesta til å gå gjennom rutinane, seier Roksvåg.

(Artikkelen held fram under bilete)

Marek Veis viser fram vaskeinstruksjonen

PÅ NORSK: Marek Veis viser fram vaskeinstruksjonen. NRK har sett instruksane for vasking av maskina, den var berre skriven på norsk.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Varsla ikkje Arbeidstilsynet

Nordfjord Kjøtt varsla ikkje Arbeidstilsynet då Veis skada seg. Dette trass i at alle ulukker skal varslast om.

– Arbeidstilsynet vart ikkje varsla då eg skada meg. Eg måtte melde frå sjølv lang tid etter. Eg har ikkje fått støtte frå bedrifta, det har vore null interesse. Berre spørsmål om når eg kan byrje att å jobbe. Eg føler dei ikkje vil ha merksemd kring ulukka.

Ved kvar nytilsetjing har vi grundig opplæring i HMS-rutinane våre knytt til produksjonen der kvar enkelt arbeider. Alle tilsette følgjast opp kvart andre år i tråd med Mattilsynet sine krav til HMS.

Geir Egil Roksvåg, Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt seier på si side at dei meinte det ikkje var naturleg å varsle, fordi «det ikkje såg ut til å vere noko spesielt.»

– Altså, det er rutinar på å varsle. Vi har hatt ei sak der ein person var sjukmeld ei veke. Det såg ikkje ut til å vere noko spesielt. Det vart varsla via NAV, men saka vart ikkje teken vidare derfrå, seier Geir Egil Roksvåg.

– Så det er Nav som har gjort feil?

– Kven som har gjort feilen skal ikkje eg vere dommar over, seier Roksvåg.

Arbeidstilsynet meiner Nordfjord Kjøtt skulle varsla

Tilsynsleiar Rune Ravnestad i Arbeidstilsynet reagerer med forundring på at Nordfjord Kjøtt ikkje varsla om arbeidsulukka.

– Arbeidsgjevar har ei sjølvstendig plikt til å melde ulukker til Arbeidstilsyn og politiet, her finst det ingen unnskyldningar eller unntak, dette er uomtvisteleg. Vi meiner absolutt dei burde ha varsla om ulukka til Veis.

Tilsynsleiar Rune Joar Ravnestad i Arbeidstilsynet

BURDE VARSLA: Arbeidstilsynet er forundra over at ein av fylkets største arbeidsgjevarar ikkje varsla om ulukka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter at Veis sjølv varsla Arbeidstilsynet gjennom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund var Arbeidstilsynet på inspeksjon ved verksemda.

Får kritikk frå Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet skriv i sin rapport at manglande kommunikasjon kan vere årsaka til ulukka. Nordfjord Kjøtt har stilt noko personleg verneutstyr til rådvelde for arbeidstakarane, men det er ikkje vald verneutstyr ut frå informasjon i dei såkalla tryggingsdatablada til syreprodukta.

Arbeidstilsynet meinte at føresegna om personleg verneutstyr var broten, dette har Nordfjord Kjøtt fått pålegg på.

Men i rapporten står det også at Nordfjord Kjøtt har risikovurdert kjemisk helsefare, at det er utarbeidd rutinar for gjennomføring av arbeidsoperasjonar, ein har dokumentert opplæring for nytilsette, og ein har eit opplæringsprogram frå start.

Nordfjord Kjøtt vert også kritisert i rapporten for at mange arbeidarar ikkje brukte høyrselsvern, sjølv om det var påbod om dette.

– Stadig mas om tempo

Marek Veis

TEK OPPGJER: Arbeidstilsynet har politimeldt verksemda, no tek også fleire arbeidarar eit oppgjer, og kritiserer arbeidstilhøva ved Nordfjord Kjøtt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ein ting er maset etter tempo, det er også overtidspress som ein føler ein må stille opp på. Det eksisterer ingen unnskyldningar, seier Marek Veis.

– Folk fryktar dei kan miste jobben om dei ikkje seier ja til overtid. Alle leiarar har fullmakt il å gi åtvaringar, to skriftlege åtvaringar er nok for å miste jobben. Dei behandlar nordmenn og slovakar ulikt, absolutt.

– Eg har jobba ved slakteri både i Skottland og Nederland, eg trudde at i Norge var alt på stell, men eg har aldri opplevd så dårlege tilhøve.

Roksvåg avviser skuldingane om arbeidspress

Det er berre tull at vi trugar med sparken om folk ikkje jobbar overtid. Folk som ikkje ynskjer å jobbe overtid, er omplasserte.

Geir Egil Roksvåg

Geir Egil Roksvåg seier dei ikkje kjenner seg att i skuldingane om høgt arbeidspress.

– Vi fekk nyleg rapport frå ai arbeidsmiljøundersøking som ikkje gir nokon indikasjonar på arbeidspress og unødig overtidsbruk. Desse påstandane må vi rett og slett kome til botnen i.

– Vi behandlar alle likt, anten det er nordmenn eller slovakar.

Han nektar for at dei trugar folk med sparken.

– Det er berre tull at vi trugar med sparken om folk ikkje jobbar overtid. Folk som ikkje ynskjer å jobbe overtid, er omplasserte. Vi har fordelt folk som ikkje vil jobbe overtid slik at vi kan fordele byrdene med å ta overtid når det måtte vere, seier Roksvåg.