NRK Meny
Normal

Arbeidar fall i kum

Litt før klokka ni i dag fall ein arbeidar ned i ein kum på Hydro sitt anlegg i Høyanger.

Ein arbeidskollega hadde fjerna lokket på kummen og kummen stod usikra då arbeidaren fall delvis ned i den.

Det seier politiførstebetjent Arnt Olav Aas ved Høyanger lensmannskontor.

Den skadde arbeidaren er send til Førde sentralsjukehus. Det er uvisst korleis tilstanden hans er, men politiet seier han har skader i ryggen.

 

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå