NRK Meny
Normal

Arbeid på gard gav plass på landslaget

HYEN (NRK): Jon Rolf Skamo Hope (18) trenar over 800 timar i året – men kan også takke kroppsarbeid på garden for at han no er på juniorlandslaget.

Jon Rolf Skamo Hope held lam i sauefjøsen

ARBEID OG KOS: Jon Rolf Skamo Hope trenar over 800 timar i året, i tillegg til at han er elev ved NTG Geilo. Når han er heime på garden på Hope i Hyen må han ha seg ein tur innom fjøsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Jo hardare arbeidet er, jo betre trening er det. Eg prøver å finne det som er hardast å jobbe med. Så får eg trening ut av det, seier Jon Rolf Skamo Hope.

Han viser NRK inn i sauefjøsen heime i Hyen i Gloppen. Her er det framleis lamming på gang, og mykje å gjere for den som driv gard.

18-åringen hjelper til det han kan når han er heime frå toppidrettssatsing på NTG Geilo.

– Sidan eg var ein seks-sju år gammal har eg vore mykje her. Først var det skule, så trening og så rett opp i fjøsen for å jobbe, seier Skamo Hope.

Får mykje og variert trening med gardsarbeid

Nyleg vart den lovande langrennsløparen teken ut på det norske juniorlandslaget. Ein sesong med opp- og nedturar overtydde nemleg landslagsleiinga om at potensialet hans er stort.

Bakgrunnen frå gard kan ha vore avgjerande for utviklinga.

– Ja, eg er heilt overtydd om det. Vi har sett det på fleire av dei beste i verda, som har budd på gard og jobba mykje som born, seier Anders Bystrøm.

Landslagstrenaren forklarer:

– Då har dei fått basistrening på mange ulike måtar, og heller ikkje spesialisert seg så tidleg. Dei har fått god trening gjennom gardsarbeid, seier han.

Jon Rolf Skamo Hope på rulleski i Hyen

MYKJE TRENING: Jon Rolf Skamo Hope på rulleski i Hyen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Landslagstrenaren er full av lovord om eleven, og meiner han har potensial til å bli verdas beste langrennsløpar. Skamo Hope har testverdiar heilt oppunder nivået til eliteløparane.

– No handlar det om andre ting for å komme på elitenivå. Blant anna styrketrening, teknikk og enkle ting for å gå meir effektivt på ski, seier Bystrøm.

Vil til VM og OL – men først ta gull i junior-VM

Skamo Hope vann i vinter eit renn på Hovden i utklassingsstil mot langt eldre konkurrentar. Han fekk billett til junior-VM, men fekk ikkje dei heilt store resultata der.

Han trenar over 800 timar i året.

– Målet er å komme på seniorlandslaget om nokre år. Eg vil komme til VM og OL og ta medaljar. Det hadde vore moro å kunne leve av idretten, seier hyaren.

Allereie til vinteren håpar han på edelt metall. Då er det junior-VM i USA.

– Denne gongen må eg ikkje berre vere nøgd med å komme meg, eg vil prøve å ta medalje. Og gjerne den gjævaste også. Eg må berre ha tru på det, då er alt mogleg.

Jon Rolf Skamo Hope

HØGT NIVÅ: Jon Rolf Skamo Hope er blant dei beste juniorane i Norge. – Då har han også potensial til å bli verdas beste, seier landslagstrenar Anders Bystrøm.

Foto: privat
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser