Hopp til innhold

Har prøvd i fire år - fyrst no ber innsatsen frukter

Kari Sigrun Lysne frå Lærdal har prøvd å dyrke fram aprikosar i fire år, og for fyrste gong har arbeidet lukkast. Sjølv om avlinga er lita i år ser fruktbonden lyst på framtida.

Aprikos i Lærdal

ENDELEG: Kari Sigrun Lysne viser fram aprikosane som er dyrka fram i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det vart ikkje så mange aprikosane, men det er mykje meir enn ingenting, seier ho.

Lysne er ein del av Lærdal Grønt som er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal. Samvirket har sett ut rundt 2.000 aprikostre, og på garden til Lysne står rundt 500 av desse. Fruktgardane i Lærdal har ifølgje Lysne spesielt gode vekstvilkår, og nettopp difor bestemte dei seg for å satse på aprikosar.

– Vi har godt jordsmonn, heite somrar og eit spesielt klima. I tillegg har vi prøvd oss på morellar, og får det godt til, så vi tenkte vi kunne overføre nokre av dyrkingsteknikkane, seier ho.

Kan bli god butikk

Moreller i Lærdal

OVERFØRER KUNNSKAP: Lysne trur kunnskapen om dyrking av moreller kan overførast til aprikosdyrkinga.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Aprikosdyrkinga har så langt vore eit prøveprosjekt, men Lysne trur det kan gå godt om dei no får til fruktbare avlingar framover.

– Det er meg kjent ingen som driv med storskalaproduksjon av aprikosar i landet, så om vi no får dette til kan det bli ei nisje. Vi hadde jo ikkje drive med dette om det ikkje kunne bli god butikk, seier ho.

Lysne fortel at dei etter fire år enno ikkje er fullt utlærte når det kjem til dyrking av aprikosar.

– No er vi tydelegvis midt i sesongen. Vi har lært at når det er tid for å plukke morellar, er det også sesong for aprikosar, fortel fruktbonden.

Berre nokre få får smake

Grunna at det vart ei lita avling blir det ikkje sal av aprikosar og det er berre nokre få som får ta del i smaksopplevingane som nydyrka aprikos gjev. Fruktbonden er nøye med å spare på godsakene.

– Det er berre «VIPen» sin får smake på desse, og den som får æra av å smake på aprikosane han må ha gjort noko bra, og eg deler ut med nøysam hand, ein får ikkje meir enn ein halv, seier Lysne.

Men dei som har vore blant dei heldige skryt av smaken.

– Det er ei fantastisk oppleving og eg får god respons. Eg kan ikkje beskrive smaksopplevinga, men tankane går mot varmare strok, seier Lysne.

Aprikosar i Lærdal

LYSER OPP: Dei oransje aprikosane lyser opp fruktgarden, og Lysne ser lyst på framtida.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK