NRK Meny
Normal

Apple byggjer for sju milliardar i Danmark – hentar straumen frå norske fossar

Norsk straum er billegare i utlandet enn i Norge. Det gjer at fleire internasjonale IT-selskap, som den amerikanske teknologigiganten Apple, heller byggjer i utlandet.

Kraftproduksjon

PARADOKS: Billeg straum frå Noreg er med å finansiere storutbygginga til Apple i Danmark.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Apple byggjer no eit datasenter i Danmark, der det ifølgje det danske bladet Ingeniøren mellom anna skal brukast straum frå Norge. Her til lands er straumen så belagt med avgifter at det ville vore meir kostbart å bygge ut.

Per Morten Hoff i IKT-Norge meiner det er ein pussig situasjon.

– Eg trur det som skjer med Apple er ein betydeleg lærepenge for norske politikarar, seier han.

Utlandet slepp unna norsk elavgift

Medan vatnet fossar gjennom norske kraftmagasin, er det danskane som nyttar den billege straumen til å skape nye arbeidsplassar.

I Danmark slepp nemleg Apple å betale den norske elavgift på 12,4 øre og prisen på grøne sertifikat.

Per Morten Hoff

HASTAR: Per Morten Hoff i IKT-Norge meiner det hastar å endre avgiftsregimet på norsk kraft.

Foto: IKT Norge

– Det er eit paradoks. Vi eksporterer kraft til Danmark, noko som gjer at dei kan lokke til seg ein av verdas mest attraktive aktørar, seier Hoff.

I Sogn og Fjordane vil både Localhost og SFE gjennom Lefdal gruve, og Bluefjords i Luster, gjerne lokke internasjonale kundar med billeg og miljøvenleg norsk kraft produsert av fossane like ved.

Det er eit paradoks

Per Morten Hoff i IKT-Norge

Krev handling frå politikarane

I haust føreslo KrF å ta vekk elavgifta for datasenter, slik ein allereie har gjort for anna kraftkrevjande industri her til lands.

Så langt har dei ikkje fått gjennomslag, men stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad seier dei reknar med at framlegget er inne i statsbudsjettet for neste år.

Kjell Ingolf Ropstad

MOT ELAVGIFT: KrF og stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad ønskjer å fjerne elavgifta for datasenter.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det paradoksale er at dersom vi ikkje endrar den grøne sertifikatmarknaden, så subsidierer vi utbyggingar med norsk kraft som endar opp med å skape enorme verdiar i nabolanda våre, seier han.

Per Morten Hoff meiner i alle fall det er på høg tid noko snart skjer.

– Tida er svært viktig. Sverige kjem til å gjere det same, dei kjem med si utgreiing seinast 9. oktober, seier han.