Hopp til innhold

Apneseth: - No skal eg på ferie

Onsdag 31. desember tok Oddleiv Apneseth sitt siste bilete til dokumentasjonprosjektet i Jølster.

Oddleiv Apneseth tek bilete av (f.v.) Jarle Varpe, Knut Osvoll og Tone Lin Støfring.

Oddleiv Apneseth tok 31. januar bilete av journalistar som bur i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- No skal eg på ferie. Eg har fått ordna med einvegsbillett til Spania. Der skal eg gå i fjellet og trene opp att foten eg skadde i sommar, fortel Apneseth, som i løpet av 2008 har teke hopevis med bilete for å dokumentere livet i Jølster.

- Ikkje ein fridag

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth har brukt det siste året på å fotografere sambygdingane sine på Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han har ikkje tal på kor mange bilete det er blitt. Men både nygifte, nyfødde, familiar og ulike lag, organisasjonar og grupper er foreviga i løpet av året. Med unntak av sjukmelde dagar, har det gått i eitt.

- Eg har ikkje hatt ein einaste dag fri frå prosjektet. Det har vore eit hektisk og knallhardt år, men også eit givande møte med Jølster og innbyggjarane. Det har vore personleg berikande, men samstundes har prosjektet vore langt større enn eg kunne forstå, seier han og skildrar 2008 som eit mentalt krafttak.

Sirkelen slutta

Prosjektet starta med ein familie på Ålhus like over midnatt 1. januar 2008. Like før midnatt 31. desember, vart ringen og prosjektet avslutta med den same familien.

- Tanken var å avrunde der eg byrja prosjektet, fortel Apneseth og legg til at han på årets siste dag også fekk fotografert folkemusikaren Sigmund Eikås med familie.

Skadd i fotball

Apneseth vart i sommar skadd under fotballeik på Vassenden. På grunn av skaden fekk han ikkje gjennomførd ideen om å samle samtlege jølstringar til fotografering . Fotograferinga skulle skje frå helikopter i Sanddalen .

- Som sikkert dei fleste ville gjort, har eg jobba meir enn eg hadde krefter til for å få til eit best mogleg prosjekt. Eg har lukkast i mykje, men har nok mislukkast med minst like mykje. Ein må også berre akseptere at ein går glipp av ein del ting, seier han.

- Hald i myte

- Til dømes nyttårsafta då eg var på veg til båltenning på Knoltren på Vassenden, men i staden reiste til fakkeltog på Kjøsnesbrua. Fakkeltoget bles meir eller mindre vekk, medan det vart flott i Gjesdalen, seier Apneseth og meiner at han har lært sine sambygdingar å kjenne på ein ny måte.

- Myten om at jølstringane er seige sunnfjordingar, er det hald i. Men bak dette, så er dei eit livleg folkeslag, med mykje meir vennlegheit og openheit enn ein kunne trudd, seier han.

Bok og utstilling

No som prosjektet er over reiser Apneseth til Spania og truleg Baskerland eller Biscaya-området. Planen er å vere der i to veker, før han kjem heim att for å byrje arbeidet med utstillinga og boka. Apneseth har også sagt opp jobben som fotograf i Bergens Tidende, men vil kombinere frilansarbeid med prosjekta sine.

- Eg har planlagt ei omfattande utstilling 4. september i år på Eikaasgalleriet. Boka er eit stort arbeid, og eg er usikker på om eg blir ferdig med den i år, seier han.