Hopp til innhold

Ap: – Senterpartiet er eit nei-til-alt-parti

FØRDE (NRK): Fylkesleiaren i Ap kritiserte partnaren i Sp meir enn regjeringa i si opningstale til fylkesårsmøtet.

Hilmar Høl på talarstol

FYLKESLEIAR: Hilmar Høl brukte meir tid på Senterpartiet enn på å kritisere regjeringa i si opningstale til fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Senterpartiet er eit nei-parti til alt. På mi vakt skal ikkje Arbeidarpartiet vere eit nei-parti. Vi skal vere framtidsretta og endringsvillege.

Det sa fylkesleiar Hilmar Høl til dei om lag 150 frammøtte på fylkesårsmøtet på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

I ei årrekkje har Arbeidarpartiet og Senterpartiet samarbeida på fylkestinget. Fylkesordførarkjeda har dei bytta fram og tilbake mellom seg i over 20 år. Men no verkar det som idyllen slår sprekkar.

– Vårt parti skal ikkje vere ein del av vil-ikkje-fylket-folden, sa Hilmar Høl til applaus frå salen.

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap

FYLKESSAMLING: Om lag 150 Ap-medlemmar er samla til fylkesårsmøte på Sunnfjord hotell i Førde. På første rad sit stortingsrepresentant Ingrid Heggø og partisekretær Kjersti Stenseng.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det einaste partiet han nemnde i si opningstale var samarbeidspartnaren Senterpartiet. Og det var ikkje rosande ord han kom med. I kommunereforma meiner han Sp er eit reint nei-parti.

– Eg er stolt over vårt standpunkt i kommunereforma. Vi ønskjer ei frivillig linje. Ikkje den tvangen som regjeringa brukar.

Valet

På partiet sitt første årsmøte etter kommune- og fylkestingsvalet i haust, var det tid for sjølvransaking. Der måtte dei erkjenne at Sp vart største parti i fylkestinget, og jamstore i kommunevalet.

– Vi tapte fylkestingsvalet. Og det var ikkje akkurat hårfint. At vi tapte så mange bastionar i Sogn er skuffande. Og i Bremanger vart Ap stukken i ryggen i siste minutt.

Han understreka at han var glad for dei ordførarane som vart valte.

Fleire kjenner seg att

Åshild Kjelsnes

SAMARBEID: Åshild Kjelsnes har samarbeida med Senterpartiet i fylkespolitikken i tiår.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Åshild Kjelsnes har hatt eit tett samarbeid med Sp i fylkestinget. Først som varaordførar under fylkesordførar Nils R. Sandal, som fylkesordførar for varaordførar Jenny Følling, og no sist som vara under den same Følling.

– Det er vel fleire som kjenner att den skildringa om at Sp seier nei til alt. Ap har aldri vore redd for endringar, sa Kjelsnes til NRK etter talen.

– Å setje seg på sidelinja og seie at alt skal vere som det har vore, er jo ikkje framtidsretta. Eg opplever at Senterpartiet i større grad er der.

Også tidlegare fylkesvaraordførar og stortingspolitikar Tor Bremer trekte fram Sp i eit innlegg:

– Vi må vere eit tydeleg alternativ til Senterpartiet. Vi må vere samfunnskritiske, og ikkje forsvarar av at ting skal vere som dei alltid har vore, sa Bremer til sine partifellar.

Tor Bremer på Ap-talarstol

ALTERNATIV: Tor Bremer meiner Ap må vere eit alternativ til Sp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK