Hopp til innhold

Ap vil setje Kystvegen framfor Solund-bru

LEIKANGER (NRK): Arbeidarpartiet vil ikkje la ei ny bru i Solund få snike i køen framfor andre vegprosjekt.

Gruppemøte i Arbeidarpartiet

GRUPPEMØTE: Arbeidarpartiet vil heller bruke pengar på fylkesvegen mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger enn på bru i ytre Steinsund i Solund. Her har dei besøk av Høgres Bjørn Hollevik på sitt gruppemøte. F.v. Hilmar Høl, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, Hollevik og Helen Hjertaas.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Svelgen-Indrehus står på toppen av prioriteringslista. Det gjer den også i vårt partiprogram. Vi er ikkje mot bru i Solund. Men vi kan ikkje stikke hovudet i sanden, og tru at vi har pengar til alt, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Før fylkespolitikarane tek juleferie skal dei avgjere om fylkeskommunen skal sende søknad om ferjeavløysing for å erstatte ferjesambandet i ytre Solund med ei bru over ytre Steinsund.

Det hastar. For dei mest gunstige vilkåra for dette bruprosjektet, gjeld berre til nyttår.

Det har vore jobbe tverrpolitisk i ei årrekkje for å få på plass ei ordning med ferjeavløysing.

Fylkesutvalsmøte

PRIORITERING: Fylkesutvalet må gjere tøffe prioriteringar om vegane i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men no vil Arbeidarpartiet sette ned foten. I fylkesutvalet måndag kveld sa dei nei til å sende søknaden.

For sjølv om staten tek storparten av kostnadane, kan det vere ein del utgifter for fylkeskommunen også.

Brua er kalkulert til om lag 750 millionar kroner. Førebelse kostnadsoverslag syner at om lag 230 millionar av dette kan bli reine utgifter for fylket.

Då vil Ap heller bruke pengar på å ruste opp fylkesvegen mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger.

Elefanten i rommet

– I handsaminga av saka kom det fram at vi måtte setje av midlar til brua i økonomiplanen. Då vart det klart for oss at vi må setje dette sambandet opp mot andre prosjekt i fylket. For det lar seg ikkje finansiere åleine med ferjeavløysingsmidlar, seier Kjelsnes.

– Var det først i dag at det gjekk opp for dykk at denne brua kunne koste pengar?

– Nei, det har vi vore klar over lenge. Men det har vore som ein elefant i rommet lenge. For mange har snakka om ferjeavløysingsprosjekta som om dei var sjølvfinansierande.

Bjørn Hollevik (H) sa under møtet at han var positivt overraska over utspelet til Ap. Han ville diskutere det nærmare med si eiga gruppe utover kvelden.

Han vart også innom Ap sitt gruppemøte for å høyre meir om forslaget. For spørsmålet er om brua i Solund "snik i køen" over vegprosjekt, viss den får pengar framfor til dømes Kystvegen.

– Eg synest det er vondt å seie "snike i køen". Men når vi bind opp nokre hundre millionar til dette prosjektet, så får det gå først. Framfor andre, seier fylkesvaraordføraren.

Ber på hundrevis av bru-draumar

Gunn Åmdal Mongstad

DRAUMAR OM BRU: Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp) har veska full av papirlappar frå sambygdingane sine. Dei fortel om sine bru-draumar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På Sognefjord hotell litt lenger bort i vegen sit ein forventningsfull Solund-ordførar. Gunn Åmdal Mongstad (Sp) er spent på kva fylkespolitikarane vedtek dei neste dagane.

I årevis har ho og hennar forgjengarar kjempa for at øysamfunnet skal få henge i hop med bru.

I veska hennar har ho med seg ein bunke med hundrevis av lappar frå sambygdingane hennar. Der har dei skrive ned draumane om korleis samfunnet skal bli om brua skulle kome.

Ønskelappar om bru i ytre Steinsund

BESØK: Ein ung suling drøymer om å få reise på besøk til Eva, om brua skulle kome.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Viss ein nokon gong har tenkt å byggje denne brua, så burde ein fått av garde søknaden no. Eg håpar Ap tenkjer seg om før fylkestinget.

– Kvifor skal de få snike i køen?

– Vi opplever ikkje at vi snik i køen. Både brua vår og Atløysambandet har stått på prioriteringslista tidlegare. Men vi vart flytta over på ei anna liste då vi vart aktuelle som ferjeavløysing.

– Vi har venta i kø i veldig mange år. Vi synest verkeleg at det er vår tur. Og så kan dei bruke pengane dei sparer på rentekostnadar til andre prosjekt i framtida.

Berre Ap sine tre representantar røysta i fylkesutvalet mot å sende søknad om ferjeavløysing. Saka blir avgjort i løpet av fylkestinget i Leikanger dei neste dagane.

Ønskelappar om bru i ytre Steinsund

FORVENTNINGAR: Hundrevis av sulingar har skrive ned korleis kvardagen skal bli betre om dei får bru. Ordføraren ber med seg lappane i veska kvar dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK