- Arbeidarpartiet kan ikkje godta ein styreleiar for Fjord1 som er motstandar av å slå saman dei to fylkesbåtselskapa i konsernet. Det seier leiaren for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Tor Bremer.
Tor Bremer i Ap godtek ikkje at Skartun er styreleiar. (Foto: NRK)
Godtek ikkje Skartun
Det må i klartekst bety at Arbeidarpartiet ikkje kan godta senterpartimannen Jarle Skartun som styreleiar for Fjord1-konsernet. Senterpartiet har vervet etter ein inngått avtale med Arbeidarpartiet. Skartun gjekk mot fusjon både i fylkesbåtstyret og i Fjord1-styret der han brukte dobbeltrøysta for å få fleirtal, og Bremer har merka seg kva Skartun har sagt.
Tillit i Sp
Liv Signe Navarsete (Sp) har tillit til partikollegaen. (Foto: NRK)
Gruppeleiar for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, irriterer seg over mediestøyen som no er kring leiarvervet i eit konsern som nyleg la fram eit rekordresultat med Skartun som styreleiar. Ho vil ikkje seie om Skartun skal halde fram, men understrekar at han har partiet sin fulle tillit.
Tillitsvalde i Fjord1 vil kaste styreleiaren
Også dei tillitsvalde i Fylkesbaatane vil kaste styreleiar i Fjord1, Jarle Skartun. Det kjem fram i eit brev dei har sendt til fylkesordførar Nils R. Sandal. Bakgrunnen for mistilliten er at Skartun som styreleiar altså gjekk mot planane om ei samanslåing av dei to fylkesreiarlaga. Sjå: Tillitsvalde i Fjord1 vil kaste styreleiaren.