Hopp til innhold

Ap vil ha ny debatt om Astrupsenter

- No må vi lære av dei feila vi gjorde då vi låste oss på plasseringa, seier leiar i Jølster Arbeidarparti, Atle Reidar Sandnes. Han ynskjer ny debatt om eit Astrupsenter.

Astruptunet
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Riksantikvaren gjekk i går imot planane om eit besøkssenter ved heimen til jølsterkunstnaren Nikolai Astrup , på Sanddalsstrand.

Ynskjer ny debatt

Atle Reidar Sandnes (Ap) har lenge vore skeptisk til planane på Astruptunet, og meiner at det no er tid for ein fordomsfri debatt også om plasseringa.

- Vi må ha ein skikkeleg debatt om kva som i heilskap er det beste for eit galleri for Astrupkunsten, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Kroken på døra

Riksantikvaren meiner at planane bør endrast til ei løysing som langt mindre grip inn i kulturlandskapet i Astruptunet. Atle Hamar, som i fleire år har arbeidd med planane, seier at han er skuffa over avgjerda til Riksantikvaren. Han er vil utover det ikkje kommentere saka.

Det gjer derimot ordføraren i Jølster, som fryktar at vedtaket er kroken på døra for besøkssenteret .