- Mitt stalltips vil vere at fleirtalet i Stortinget vil slakke på balansekravet, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Reidar Sandal.
Skal i balanse
Mange norske helseføretak slit tungt med store budsjettunderskot. Berre i Sogn og Fjordane må det lokale helseføretaket, Helse Førde, spara inn 80 millionar kroner for å koma i økonomisk balanse innan utgangen av 2005, slik staten krev. Dette tilsvarar heile drifta ved eit lokalsjukehus.
Dramatisk sparepakke
Informasjons-direktør Bjørg Sandal.
Helse Førde la i går difor fram ein dramatisk innsparingspakke som betyr fjerning av kirurgiske avdelingar og store kutt i akuttberedskap ved lokalsjukehusa. Det er ei svært vanskeleg oppgåve å få orden på sjukehusøkonomien på berre halvanna år, seier informasjonsdirektør i Helse Vest, Bjørg Sandal.
Skal rette skeivheit
Samstundes som helseføretaka slit med store underskot, har det såkalla Hagen-utvalet dokumentert ei stor geografisk skeivfordeling av norske helsekroner. Dette har spesielt gått ut over Helse Vest og Helse Midt-Norge. Sjukehusa på Vestlandet har åleine fått 695 millionar kroner for lite, slår Hagen-utvalet fast. Stortinget har difor bestemt at Helse Vest skal få kompensert 210 millionar kroner fordelt over fem år, med fyrste utbetaling i 2005.
Vil følge opp
Stortingsrepresentant Reidar Sandal meiner at ved å gje norske helseføretak lenger tid til å få orden på økonomien, kan Helse Vest og Helse Midt-Norge betre dra nytte av dei friske kronene.
- Dette vil vi følge opp i tida som kjem. Men vi har ikkje fleirtal, og må forhalde oss til det faktumet, seier han.