Ingrid Heggø. Arkivfoto: Heidi Lise Bakke, NRK
Men stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i fylket, Ingrid Heggø, håper framleis at fylkespartiet skal bli tildelt viktige funksjonar i regjeringa.
Trur på politisk rådgjevar
- Eg trur at vi iallfall får ein politisk rådgjevar, for vi har veldig gode kandidatar. Både fredag og måndag blir det utnemnt nye statssekretærar, og politiske sekretærar blir utnemnde etter kvart som statsrådane no set seg ned og ser på dette, seeir Ingrid Heggø.
To statsrådar og ein statssekretær
Senterpartiet og SV i Sogn og Fjordane fekk to statsrådar i den nye regjeringa, Liv Signe Navarsete frå Sp som samferdselsminister og Heidi Grande Røys frå SV som fornyingsministar. I tillegg vart Bård Vegar Solhjell frå SV utnemnd som statssekretær på statsministaren sitt kontor.
Trur på viktige jobbar
Ingrid Heggø trur likevel at det i løpet av nokre dagar vil bli utnemnt nokon frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti til viktige jobbar i regjeringa.
- Heilskapen tilseier nei
Men NRK sin valkommentator Knut Henning Grepstad er ikkje like sikker: Her må ein sjå på heilskapen, Sogn og Fjordane har fått to statsrådar og ein statssekretær ved statsministerens kontor. Det er god utteljing, og då spelare det ikkje så stor rolle kva parti dei kjem frå, seier Grepstad.