Hopp til innhold

Ap støttar ikkje fødekrav

Sogn og Fjordane Arbeidarparti støttar ikkje kravet om å få utvida den forsterka fødestova i Lærdal til fødeavdeling.

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

Fylkestingsgruppa og styret i partiet drøfta saka tysdag kveld, og fylkesleiar Tor Bremer seier at når Helse Førde må spare 20 millionar kroner i år og manglar over 100 millionar neste år, er det ikkje plass for utviding.

Tor Bremer
Foto: NRK

- Presserande behov

- Ut frå dei presserande behova som er på andre område og i heile fylket så er det ikkje rom for å bruke meir ressursar på dette. Problemet er kort og godt at Helse Førde manglar 104 millonar kroner. Då maktar ein ikkje å auke opp på dette området.

- Vil ikkje ha andreklasses tilbod

Arbeidarpartiet krev på den andre sida at Sogn og Fjordane skal ha like gode helsetilbod som resten av landet på ei rekke område der vi i dag ligg bak.

- Det skal ikkje vere slik at fordi vi har lange avstandar så skal vi ta til takke med eit andreklasses tilbod på ei rekkje område når det gjeld sjukehustenester. Vi veit at vi ligg etter resten av landet på kreftomsorg, på psykiatri, på rehabilitering av hjarte- og karsjuke, på revmatisme og rusomsorg. Vi ynskjer å sjå alt i samanheng, og dersom helseministeren seier at det på eitt område skal vere det og det tilbodet, så må ho og finansiere ei slik detaljstyring av sjukehusa våre. For det er grunn til å tru at ei fødeavdeling i Lærdal vil koste ekstra, seier Tor Bremer.