– Dette var kjempekjekt. Ein god start på kvelden, seier sitjande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) til NRK.
– Kjempeflott å byggje vidare på
Prognosen er basert på førehandsstemmer i fylkestingsvalet, og blir samanlikna med fylkestingsvalet i 2011. Den viser at Ap får 34,3 prosent av stemmene på landsbasis, medan Høgre får 23,1 prosent. Frp ligg an til å få 9,3 av stemmene. MDP ser ut til å få 5,4 prosent.
– Dette slår iallfall i hel dommedagsprofetiane vi har høyrt den siste tida. Det er kjempeflott å byggje vidare på, seier Kjelsnes.
Ho understrekar at det er førebelse og usikre tal, og at det er for tidleg å seie noko om det endelege resultatet. Det gjer også hovudutfordraren til jobben som fylkesordførar.
– Tala er ein peikepinn. Men det tyder på at Senterpartiet er nokolunde stabilt, seier Jenny Følling (Sp).
- Les også:
– Noko av det kjekkaste eg har vore med på
Den som jubla aller mest då dei første tala vart lagt fram, var Miljøpartiet Dei Grøne og førstekandidat til fylkestinget, Stein Malkenes. Tidlege prognosar tyder på at partiet er på veg inn i minst tre kommunestyre.
Sjølv ligg Malkenes godt an med tanke på ein plass på fylkestinget.
- Les også:
– Det er overveldande. Det er noko av det kjekkaste eg har vore med på, seier han.
- Du kan få med deg alt frå valet i Sogn og Fjordane på vår direktesende valsending på nett og på radio her.