Hopp til innhold

Ap sin snuoperasjon kan kome for seint

Arbeidarpartiet held på å ombestemme seg om det nye vestlandsfylket, men det kan vere for seint. Mykje tyder på at det blir eit endeleg vedtak i Stortinget neste veke.

Hilmar Høl

I STUSS: Hilmar Høl og Arbeidarpartiet har vorte usikre på ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei var med på å sikre eit fleirtal for, men no hallar dei imot.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi skal ha eit representantskapsmøte i partiet 6. juni. Der vil vi ta stilling til om vi gir vår støtte til ei samanslåing, seier leiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Ap.

Men det treng ikkje å ha noko å seie kva Ap vedtek, for eit fleirtal på Stortinget har framleis planar om å vedta ei samanslåing neste veke. Uansett kva Ap i dei to fylka vedtek.

– Eg kan ikkje sjå at eit vedtak i Ap har så mykje å seie. Vi er klare i vår sak, vi røyster for ei samanslåing neste veke, seier Geir Toskedal i KrF.

Arbeidarpartiet var med på å sikre fleirtal for ei samanslåing i begge fylka, men no går det mot at dei kan skifte meining.

– Om Regjeringa ikkje følgjer opp vilkåra frå avtalen vår, er det ikkje lenger frivillig. Då er det tvang, seier Høl.

Les også: Ap kan snu i fylkessamanslåinga

Stortinget

SKAL OPP NESTE VEKE: Stortinget skal neste veke ta stilling til ei samanslåing av fylka. Innstillinga til Regjeringa er at dagens 19 fylke skal bli til om lag ti.

Foto: Per Øyvind Fange / NRK

– Vedtaket er gjort

Det har vore klart ei stund at KrF har vore positive til å sikre eit fleirtal i Stortinget for samanslåinga når saka skal opp 8. juni. Likevel er bakgrunnen for dette at dei to fylka frivillig har vorte samde om å slå seg saman.

Om Arbeidarpartiet snur i begge dei to fylka, er det ikkje lenger eit slikt fleirtal i fylka.

– Men vedtaket er allereie gjort i fylkestinget, og der røysta Ap for. Det er det vi må forholde oss til, seier Toskedal.

Geir Toskedal på Stortinget

VALKAMP: Geir Toskedal seier at han ikkje legg så mykje vekt på kva Arbeidarpartiet gjer, fordi dei uansett vinglar så mykje i samanslåingsdebatten.

Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix

Les også: Gir opp å tvinge Rogaland saman med Vestlandet

Trur Ap er redde for Senterpartiet

Han mistenker at utspela til Arbeidarpartiet handlar meir om valkamp enn om realitetane.

– Sjølv om eg ikkje skjønar kvifor dei skulle tene på å vere så vinglete. Dei er vel veldig redde for Senterpartiet sin vekst om dagen.

Venstres landsmøte i Ålesund 2017.

VIL VENTE OG SJÅ: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn avventar kva Arbeidarpartiet eventuelt gjer i fylkessamanslåingssaka, men seier at Venstre er innstilt på å røyste for ei samanslåing i Stortinget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Rotevatn: – Vi får berre vente og sjå

Også Venstre er innstilt på å vere med på å sikre fleirtal for ei samanslåing neste veke, men stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn vil ikkje seie så mykje om Ap sine planar før dei eventuelt er vedtekne.

– Om Arbeidarpartiet gjer eit vedtak, får vi ta stilling til det då. Vi støttar den frivillige samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane og har planar om å få til eit godt vedtak for Sogn og Fjordane.

Uansett kva Stortinget vedtek neste veke, kan det bli eit nytt drama etter valet. Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har nemleg sagt at dei kan vere villige til å reversere ei eventuell samanslåing om dei får regjeringsmakt til hausten.

NB. NRK skreiv tidlegare at også Hordaland Arbeiderparti vurderer å snu i regionsaka. Dette er feil. NRK orsakar.