Hopp til innhold

Ap-sekretær på Nordfjordbesøk

Partisekretær Raymond Johansen i Arbeidarpartiet kjem til Nordfjord denne veka for å planlegge valkamp. Men sjukehus vert truleg det brennheite tema under besøket.

Raymond Johansen

Partisekretær Raymond Johansen i Arbeidpartiet besøker Sogn og Fjordane denne veka.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Både lokallaga i Måløy og Eid får denne veka besøk av partisekretæren.

For som oppkøyring til valkampen neste haust reiser Raymond Johansen no rundt og besøker alle fylke.

- Perfekt timing av besøket

I Nordfjord meiner dei tidspunktet for besøket passar ypperleg. Helse Førde har føreslått å leggje ned akutt og fødetilbod ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid.

Debatten har storma lenge, og lokallaga i Nordfjord har difor mykje dei vil prate med partisekretæren om.

- Vi kjem til å bruke mykje av vår tildelte tid til å snakke om sjukehus. Vi vil prate om situasjonen ved Nordfjord sjukehus og vår uro rundt dei endringane som er skisserte der, seier Siri Sandvik som er lokallagsleiar i Eid Arbeidarparti.

- Sjukehussaka avgjerande for valet

Besøket av partisekretæren startar onsdag i Måløy med besøk hos bedrifter og møte med partitillitsvalde frå heile fylket. Så reiser han vidare til Eid torsdag.

I Vågsøy Ap vil dei diskutere næringsliv og kommunikasjon. Men sjølvsagt også sjukehus ifølgje lokallagsleiaren.

- Skal vi diskutere valkampstrategi så er det klart at sjukehussaka er veldig avgjerande for vårt valresultata neste år, seier partileiar i Vågsøy Ap, Kristin Maurstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord sjukehus

Framtidas tilbod ved Nordfjord sjukehus vert eit brennheitt tema når Arbeidarpartiet sin partisekretær kjem til Nordfjord denne veka.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Besøk planlagt lenge

At partileiaren kjem til fylket akkurat no har likevel ikkje noko med sjukehussaka å gjere.

- Det har vore planlagt i lang tid at han skal komme på besøk. Det er naturleg å reise rundt å snakke med dei tillitsvalte før eit nytt val, seier fylkessekretær Monica Oppedal.

Får høyre om stor frustrasjon

Men Raymond Johansen må nok likevel drive ein del indremedisinsk verksemd i dei lokale partilaga i Nordfjord.

Førre veke gjekk Ap-ordførar i Eid, Sonja Edvardsen ut og varsla politisk opprør om ikkje helsedepartementet rydda opp og sørga for å stoppe nedlegging av viktige tilbod ved Nordfjord sjukehus.

Og lokallagsleiarane opplever mykje frustrasjon hos partimedlemmene.

- Vi opplever i veldig stor grad at både medlemmar og sympatisørar synst dette er vanskeleg. Striden om tilboda ved sjukehusa vert i stor grad knytt til Arbeidarpartiet og kva vi står for, kva vi gjer og ikkje gjer, seier Siri Sandvik i Eid Arbeidarparti.

Ho seier avgjerda om framtida til sjukehusa vil ha mykje å seie for partiet si truverde lokalt.

- Det er veldig stor frustrasjon og tap av tillit til at partiet eigentleg har utkantane sitt beste på sitt sakskart, og det er kjempealvorleg, seier Sandvik.

Sjølv seier Johansen at han vil lytte og ta med seg synspunkta tilbake.