NRK Meny
Normal

Ap seier ja til Vestlandsregionen

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane Arbeidarparti seier ja til intensjonsplanen for ein ny vestlandsregion saman med Hordaland og Rogaland.

Sogn og Fjordane Ap stemmer ja til Vestlandsregionen

59 MOT 8: Overveldande fleirtal for Vestlandsregionen på Arbeidarpartiet sitt representantskapsmøte torsdag kveld.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Under representantskapsmøte røysta 59 for og 8 mot.

– Det er eit ganske klårt fleirtal, som gir oss eit tydeleg mandat til at fylkestinget i desember har eit fleirtal for å jobbe vidare mot Hordaland og Rogaland, seier fylkesleiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl.

Partiet vil etablere ein samla vestlandsregion saman med Hordaland og Rogaland under føresetnad av at premissa i kapittel 10 i intensjonsplanen vert følgt opp av sentrale styresmakter.

I debatten kom det fram at fleire var imot samanslåing, men som likevel vil røyste ja.

– Det er nok ei impulshandling som ligg i mange etter køyret mot Sogn og Fjordane, som har vore brutalt frå regjeringa. At vi må kutte 250 millionar vil før eller seinare gi ganske store utslag på tenestane vi skal gi til folk, seier Høl.

Det er fleire i Sogn og Fjordane Arbederparti som har vore imot samanslåing tidlegare, og ein av dei er Torbjørn Vereide. Han har tidlegare uttala at samanslåing «kjenst som eit tvangsekteskap der vi ikkje får sjå brura utan slør».

– Vi veit framleis ikkje kva oppgåver som følger med, men eg har alltid hatt stoltheit i å vere ein optimist sjølv om eg har vore streng. Å gå inn i dette med armar og bein, på ein måte der vi tar kontrollen, kan vi tilføre Sogn og Fjordane nye krefter og nye moglegheiter, seier Vereide.

Sogn og Fjordane Ap støttar også Fylkestinget sitt punkt i høyringsvedtaket som legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.