Situasjonen er at det ikkje finst nokon formell måte ein finn kandidatar til regjeringskontora på. Statsministeren plukkar statsrådar, og statsrådane vel sine sekretærar og rådgjevarar
Mål: Fleire posisjonar
Samkøyring fylka imellom er noko nytt, og Bremer seier innhaldet ikkje er diskutert, men målet er å oppnå fleire posisjonar.
Vil ikkje nemne namn
Bremer vil ikkje nemne aktuelle namn no, men ser at samarbeidet kan føre til at eitt fylke får ein posisjon medan naboen får eit verv som matchar.