Hopp til innhold

Ap-politikar: – Giske kan ikkje fortsette som nestleiar

– Det er ei riktig avgjerd, men dette bør bli ei permanent løysing, meiner leiar i kvinnenettverket i Sogn og Fjordane Ap.

Siri Sandvik

NOK ER NOK: Ap-politikar Siri Sandvik meiner det er bra at Giske er friteken for vervet som nestleiar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Måndag kveld melde partiet i ei pressemelding at Giske er friteken frå sitt verv som nestleiar på ubestemt tid.

– Eg synest ikkje at Arbeidarpartiet kan ha ein nestleiar som er skulda for ein sånn type åtferd, seier Sandvik.

– Kan Trond Giske komme tilbake til vervet som nestleiar?

– Personleg syns eg ikkje at han kan bli nestleiar igjen, seier Sandvik.

Saka har bakgrunn i at nestleiaren har fått fleire varslingar mot seg, i samband med det leiar Jonas Gahr Støre kallar upassande oppførsel av ein seksuell karakter.

– Eg håpar at dette går mot slutten. Dette har vore den store saka dei siste vekene. Partiet må gå gjennom retningslinjene sine for å sikre oss mot at sånne ting ikkje kan skje igjen, seier Sandvik.

Giske får støtte frå fylkesleiar

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Ap er overraska over beskjeden som kom.

– I denne fasen er det ei påkjenning for både Giske og partiet, og då er det likevel fornuftig. Giske treng ro med å forsone seg med det som har skjedd. Partiet må gå framover og få avklaring for framtida. Dette har vore tyngande for heile partiet, seier fylkesleiar Hilmar Høl.

Høl har tru på at Giske kan komme tilbake som nestleiar.

– Eg ser ikkje vekk frå at han kan komme tilbake. Han er uskuldig så lenge noko anna ikkje er sagt. Samstundes må vi vente på sanninga og smørje oss med tolmod, seier Høl.

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Ap, Ingrid Heggø, vil ikkje kommentere saka.

Hilmar Høl

TRENG RO: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl, meiner at både Giske og partiet no treng ro.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK