Ap-politikar blei lurt trill rundt av kjend seriesvindlar

Seriesvindlaren Marie Madeleine Larsen er på ferde igjen, denne gongen på Vestlandet. I Førde blei Ap-politikaren Torbjørn Vereide lurt til å tru at kvinna var kreftsjuk og trong pengar til buss og mat.

Ap-politikar Torbjørn Vereide og svindlaren Marie Madeleine Larsen.

BLEI LURT: Torbjørn Vereide blei nok eit offer for den sjarmerande svindlaren Marie Madeleine Larsen. Ho er dømd mange gonger for å ha svindla folk i Norden.

Foto: NRK

I snart 30 år har den norske kvinna svindla godtruande nordmenn, svenskar og danskar. Sidan 2002 har ho blitt dømt for meir enn 100 svindelsaker og har sona fleire år i fengsel. I Danmark er ho erklært uønskt i 12 år framover.

I Førde var det Arbeidarpartipolitikar og sekretær i LO, Torbjørn Vereide, som blei offer for seriesvindlaren denne veka. Tidlegare har ho lurt alt frå prestar til kunstnarar.

Det var avisa Firda som omtala sak først.

Gav kvinna pengar

– Eg kom inn på kontoret. På lunsjrommet sit det ei dame i midten av 60-åra og seier at ho har ei alvorleg sak som ho vil diskutere med nokon som er politisk engasjert, fortel Vereide.

I samtalen brukte Larsen ei kjend oppskrift. Ho fortalde at ho er kreftsjuk og at ho hadde mista lommeboka si på sjukehuset i Førde. Den hjarteskjerande historia førte til at Vereide betalte kvinna 500 kroner.

– Det er jo tragikomisk, men eg skal nok klare å leve greitt med å miste desse pengane her. Men for den saks skuld, så har ikkje det rokka om på verdiane mine om å hjelpe folk. Det står ganske stødig, vel vitande om at denne personen framleis er på farta, seier Ap-politikaren.

Han fekk telefonnummeret til kvinna og ein rask sjekk synte at det var den notoriske svindlaren sitt telefonnummer.

Observert i Nord-Noreg

Torsdag morgon gjekk Vereide til politistasjonen i Førde og melde kvinna for svindel. Der fekk han beskjed om at Marie Madeleine Larsen slett ikkje er noko ukjend namn for dei.

– Då sa dei at dette var no litt spennande, dette er ein person vi kjenner til.

Dei siste vekene har det kome fleire meldingar til politiet om at kvinna har opphalde seg fleire stadar i Nord-Noreg. No er ho sørpå og aktivt i gang igjen med nye svindelforsøk.

– Pass litt på og bruk litt sunn fornuft. Dersom denne personen dukkar opp så er det greitt å seie ifrå til lokale myndigheiter på at ho er på ferde, seier Vereide.

Har skifta namn ofte

Politiet går no ut med ei åtvaring til dei som skulle møte på Marie Madeleine Larsen si ferd.

– Folk må vere obs på svindlaren, seier etterforskingsleiar ved lensmannskontoret i Førde, Stine Mari Vårdal.

Dei siste åra har den godt vaksne kvinna operert med ei rekkje ulike namn. Ho blei døypt Inger Marie Nerby på Gjøvik. Seinare har ho skifta namn i folkeregisteret ei rekkje gonger, seinast til Marie Madeleine Steen.

NRK fekk tak i kvinna på telefon torsdag, men ho avviste då at ho var i Sogn og Fjordane. Ho hevda at ho var i København i Danmark, eit land ho ifølgje retten ikkje har lov å opphalde seg i. Telefonnummeret vi ringde ho på er det same nummeret ho gav til Vereide i Førde.