Hopp til innhold

Ap opnar for fleire politidistrikt

FOLKETS HUS (NRK): Landsmøtet i Arbeidarpartiet går samrøystes inn for at fleire politidistrikt kan få leve vidare. Eks-polititopp Arne Johannessen kallar det ein delsiger.

Hadia Tajik talar til landsmøtet

LANDSMØTE: Justispolitikar og leiar i redaksjonskomiteen, Hadia Tajik, presenterte uttalen om politidistrikta. På fyrste rad sat den spente delegasjon frå Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vi har vedteke at nærpolitiet skal styrkast. Og at vi skal forsøke å tilpasse ein fylkesmodell der det er naturleg. Det er eit veldig tydeleg signal.

Arne Johannessen sat på fyrste rad som del av delegasjonen frå Sogn og Fjordane, då Hadia Tajik presenterte fråsegna om politiet. Han drog i gang applausen over at det no blir opna for at fleire politidistrikt kan få leve vidare.

Den vedtekne formuleringa seier:

Antallet politidistrikter skal reduseres. Utgangspunktet for en del distrikter skal være fylkesgrensene. Men flere steder vil ikke dette være den beste løsningen.

Arbeiderpartiet vil legge vekt på at den nye inndelingen av politidistrikter må bygge på politisk vedtatte, klare kriterier, knyttet til blant annet forebygging, beredskap, og samarbeid med andre nødetater.

"Trygghet skapes lokalt" - Uttale vedteken av landsmøtet i Arbeidarpartiet
Applaus frå Sogn og Fjordane under Ap-landsmøte

APPLAUS: F.v. Høyanger-ordførar Petter Sortland, Fjaler-ordførar Arve Helle og Arne Johannessen, ordførarkandidat i Luster klappa ivrig for uttalen om politidistrikta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Regjeringa har saman med Venstre føreslått at 27 politidistrikt skal bli til 12. Johannessen har kjempa for at Ap skal kome med eit alternativ. Det gjorde eit samrøystes landsmøte.

- Eg er ikkje i tvil om dette var det beste vi kunne få til. Vi har eit veldig godt grunnlag for å jobbe vidare. Resultatet får vi i Stortinget 10. juni. No er det opp til stortingsgruppa vår, seier Johannessen.

Lokale omsyn

Det er Hadia Tajik som får hovudansvaret for dei komande forhandlingane.

Hadia Tajik

FORHANDLAR: Hadia Tajik leiar justiskomiteen på Stortinget, og skal no i forhandlingar om politireforma.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Vi skriv eksplisitt at sidan landet vårt er langstrakt og geografisk utfordrande, så er vi nøydde til å ta lokale omsyn.

– Eg er godt kjent med engasjementet frå Sogn og Fjordane. Eg tar det med meg inn i samtaler med Høgre, Framstegspartiet og Venstre, seier ho.

– Eg vil spørje dei om kvifor i alle dagar Nordland, Møre og Romsdal og Oslo skal få halde fram som eigne distrikt, når Sogn og Fjordane ikkje får det. Kva har dei tenkt? Kva er vurderingane og kriteriane?

Vil ha svar frå regjeringspartia

Vil du krevje at Sogn og Fjordane skal få halde fram som eige politidistrikt?

– Eg vil starte med å spørje om grunngjevinga deira.

Kor sannsynleg er det at fylket får halde fram som eige politidistrikt?

Det er vanskeleg for meg å seie. Fleirtalet ligg no hjå Framstegspartiet, Høgre og Venstre, seier Hadia Tajik.

Delsiger for debutant

Arne Johannessen på Ap-landsmøte

NØGD: Landsmøtedebutant Arne Johannessen jobba for ei tydelegare formulering, men er fornøgd med vedtaket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Johannessen er på sitt fyrste landsmøte som Ap-politikar, og kallar vedtaket ein delsiger. No er han spent på forhandlingane.

Venstre må ta til fornuft, og vere med på eit kompromiss. Kanskje kan vi få 14-15 politidistrikt. Venstrefolk må snart forstå at det er no det gjelder, seier Johannessen.