Hopp til innhold

AP opna valkampen i Florø

– Byen er raud! Åshild Kjelsnes og Arbeidarpartiet opna valkampen i Florø. Likevel var det spesielt fordi dei overlevande samstundes var tilbake på Utøya.

Ap

Arbeidarpartiet opna valkampen i Florø samstundes som overlevande var tilbake på Utøya.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ap-ballong

Florø var raud på valkampopninga til AP.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var ei spesiell råme for valkampopninga til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

Tilbake på Utøya

For samstundes som raude roser og ballongar vart delte ut i kystbyen, var overlevande tilbake på Utøya.

Åshild Kjelsnes

Åshild Kjelsnes opna valkampen i heimkommunen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er flott å endeleg komme i gang, sa Åshild Kjelsnes. Men ho understreka at råma var spesiell. Men etter at det fyrste sjokket er har lagt seg er det blitt ein inspirasjon til å drive valkamp, sa ho.

Kjelsnes sa at for mange var det vanskeleg å starte valkampen. Men ho understreke at alle ungdommane som var til stades på Utøya var opptekne av å

Mathias Stang

Mathias Stang håpa å finne gnisten til å drive valkamp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

drive med politikk og demokrati. Dei ønskte å formidle kva dei var opptekne av. – Og det blir viktig for meg å gjere den jobben, sa Kjelsnes.

AUF-kandidat

Ungdomskandidaten, Mathias Stang, i AUF var også på plass i Florø. Han seier det er spesielt å starte valkampen.

Ap

Arbeidarpartiet opna valkampen i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har mange utfordringar å ta tak i, sa Stang. Vi tenkjer på det som har skjedd, for vi kjende og kjenner mange som er råka av terroråtaka. Vi har stor medkjensle med dei. Vi vil ta dei med oss i valkampen. Saman er vi sterke og vi har eit godt samhald, sa den unge kandidaten.

Han fekk god støtte av dei meir erfarne politikarane som hadde møtt fram i Florø for å starte valkampen.