Det meiner fylkesvaraordførar Tor Bremer etter uroa rundt Norske Skog i Skien.
- Næringsministeren har gjort eit linjeskifte der han vil gå inn med konkrete pengar i bedrifter, og no treng vi eit møte med han for å avklare kva han vil gjere vidare med Hydro her i fylket, seier Bremer.
Tor Bremer - arkivfoto Arild Nybø NRK
Aktiv næringspolitikk
Han ser dette som eit skifte frå ein politikk der all støtte til verksemder berre skal skje gjennom rammevilkår.
- No er Høgre og Brende villig til å gå inn med kroner og øre rett til bedrifter, og ein slik aktiv næringspolitikk har vi etterlyst heile tida slik at vi kan bevare arbeidsplassane og skape nye, seier Bremer.