Hopp til innhold

Ap og SV står saman om kritikk mot kommuneleiinga i Lærdal

LÆRDAL (NRK): Det er harde skuldingar og krangel mellom politikarane og administrasjonen i Lærdal kommune.

Øyvind hamre og Inger Bakken

KRITISKE: Øyvind Hamre, leiar i Lærdal SV, og Inger Bakken, leiar i Lærdal Ap, går hardt ut mot administrasjonen og rådmannen i Lærdal.

Foto: Bård Siem / NRK

Det har lenge vore eit anstrengt forhold mellom enkeltpersonar og administrasjonen i Lærdal kommune. Tidlegare Ap-ordførar Arne Sanden måtte mellom anna klage heilt til Sivilombodsmannen før han fekk tilgang til informasjon om økonomiske forhold i kommunen. No går SV og Arbeidarpartiet samla ut og skuldar administrasjonen for fryktkultur og altfor mykje hemmeleghald.

– Det har vore ein ukultur i den kommunale administrasjonen i Lærdal i lengre tid. Kvifor skal det vere så vanskeleg å få ut konkret og relevant informasjon frå administrasjonen. Kvifor blir det reagert med mistenkeleggjering når politikarane stiller spørsmål, spør Hamre.

Krev haldningsendring

Hamre og SV får støtte frå Lærdal Arbeidarparti. I eit brev til administrasjonsutvalet, som har saka oppe til handsaming no i kveld, heiter det mellom anna: «Lærdal kommune har hatt langt fleire oppslag i media enn kommunane rundt oss når det gjeld lukking av møter og nekting av innsyn. Kommunen vår møter folkevalde og innbyggjarane med eit hemmeleghald som får folk flest til å bli mistenksame. Dette har i fleire høve gitt Lærdal kommune eit dårleg omdøme».

Leiar i Lærdal Ap, Inger Bakken, krev ei haldningsendring frå administrasjonen si side.

– Vi kan ikkje ha det slik at politikarane blir redde for å bli mistenkeleggjort og utskjelt når dei tar kontakt med administrasjonen. Spørsmål frå folkevalde og innbyggjarar skal besvarast på ein høfleg og informativ måte. Fryktkultur skal det ikkje vera rom for i kommunen vår, seier ho.

Skuldingar mot politikar

Det som fekk begeret til å flyte over for SV og Ap var ein e-post frå ein av toppsjefane i kommunen til ein kvinneleg kommunestyrerepresentant frå SV, der SV-politikaren blir skulda for å mistenkeleggjere og å vere demotiverande.

I eposten heiter det mellom anna: «Ordlyden og detaljeringsgraden i spørsmåla går langt utover det som er politikken sitt ansvarsområde. Dette er interne forhold i organisasjonen som det ligg til rådmann å handtere. Eg oppfattar dei som mistenkeleggjerande og demotiverande».

Rådmannen oppgitt

Rådmann i Lærdal, Alf Olsen, meiner kritikken frå Ap og SV er teken ut av alle proporsjonar.

Alf Olsen

RÅDMANN: Både administrasjonen, det politiske miljøet og Lærdal som samfunn taper på den situasjonen vi er i, seier Alf Olsen, rådmann i Lærdal.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er veldig sterke ord som blir brukt. Både administrasjonen, det politiske miljøet og Lærdal som samfunn taper på den situasjonen vi er i, seier han.

Du har beklaga innhaldet i eposten. Forklar.

– Ordlyden i eposten var ikkje slik den burde vere, noko vi har beklaga.

Eposten du har beklaga er ein del av den fryktkulturen som administrasjonen representerer, meiner Ap og SV. Kva seier du til det?

– Nei, dette kjenner eg meg ikkje igjen i, seier han.