Hopp til innhold

Ap og SV røysta motvillig for Fjord1-sal

Ei slukøyra venstreside på fylkestinget såg seg nøydde til å røyste mot sine prinsipielle standpunkt om offentleg eigarskap av Fjord1.

Åshild Kjeldsnes, Jenny Følling og Per Sævik

FERDIG: Fylkesvaraordførar Åshild Kjeldsnes (Ap) og Per Sævik i Havila AS takkar for handelen. Fjord1 vil ikkje lenger vere eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Steinar Lote / NRK

Etter at fylkestinget i dag avgjorde samrøystes at Fjord1-aksjane skal seljast til Per Sævik og Havila AS, var det mange smilande fylkespolitikarar, handtrykk, og skulderklapp å sjå i Leikanger. Men for Arbeidarpartiet og SV er ikkje dette ein festdag.

Fylkesvaraordførar frå Arbeidarpartiet Åshild Kjeldsnes meiner at dette er ei vanskeleg sak for Sogn og Fjordane.

– Eg trur veldig mange innbyggarar i Sogn og Fjordane synest det er veldig vanskeleg, fordi ein har eit sterkt forhold til Fjord1. Det er ein del av identiteten vår og det er det vondt å gje slepp på, seier ho.

– Avgjort i november

– Samtidig er vi frå Ap si side klar på at når situasjonen er som den er, må vi tenke på selskapet sitt beste, og derfor har vi handla som vi har gjort i dag.

Dette er Norges største ferjeselskap, og det siste offentleg eigde ferjeselskapet i landet. Men at Arbeidarpartiet no er med på å selje det til private aktørar, er ikkje noko dei kunne gjere noko med i dag, meiner Kjeldsnes.

Jakob Andre Sandal avsluttande valdebatt 2015

JA TIL SAL: Fylkesgruppeleiar i SV, Jakob André Sandal, hadde helst sett at Fjord1 var offentleg eigd, men røysta likevel ja til sal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi meiner at eit sterkt offentleg eigarskap er viktig i viktige selskap, og Fjord1 er eit viktig selskap. Men dette løpet vart avgjort i november, med salet til Torghatten. Og i dag er vi trass alt glade for at dette ikkje vart den endelege løysinga, seier fylkesvaraordføraren.

– Betre enn Torghatten

Fylkesgruppeleiar i SV, Jakob André Sandal, har òg sett seg nøydd til å legge motstanden mot privatisering til side.

– Vi i SV har hatt som utgangspunkt at vi er for eit offentleg eigarskap òg i Fjord1, og vi ønskte å behalde vår posisjon. Men slik saka har utvikla seg dei siste månadane så er det eit klårt fleirtal for sal i fylkestinget. Det har òg vore uro knytt til selskapet så lenge at det er viktig å få ro, seier Sandal.

Slik han ser det er dette salet det beste av to vonde.

– Eg sa i fylkestinget at den avtalen og den løysinga som låg på bordet no var klårt betre enn det som låg på bordet med Torghatten i fjor haust. Derfor gjekk eg for eit ja til sal denne gongen.