NRK Meny
Normal

Ap og Sp planlegg å kuppe makta

NORDFJORDEID (NRK): Allereie fleire veker før valet har Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Eid inngått samarbeid. Målet er å ta makta ifrå Venstre som har dominert i Eid-politikken dei siste fire åra.

Raudgrøn offensiv

KLARE TIL Å OVERTA: Både Siri Sandvik frå Ap og Sigurd Reksnes frå Sp vil ta styringa i Eid.

Vallogo

– Vi ser Eidsfjorden og fjella. Eg må sage ned nokre tre, men elles er eg fornøgd med utsikta, seier Siri Sandvik.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat er fornøgd med utsikta si, men ikkje med korleis det politiske landskapet ser ut i kommunen. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har inngått ein avtale.

– Vi er samde om at dersom våre parti, eventuelt saman med andre, får fleirtal, vil vi ta over posisjonen i Eid kommune, seier Sandvik.

Ønskjer maktskifte

Ved kommunevalet i 2007 gjorde Eid Ap sitt beste val nokon sinne. Så gjekk det fire år, og dei gjorde sitt verste. Senterpartiet sin ordførarkandidat meiner eit maktskifte er realistisk.

– Eg trur det hadde vore veldig sunt å få eit nytt regime i kommunen, som tek heile kommunen i bruk, og som ser dei moglegheitene som til dømes ligg i å byggje ut eit skikkeleg fiberbreiband i heile kommunen, seier Sigurd Reksnes.

– Vi går ut med dette no for å gje innbyggjarane eit reelt maktalternativ i kommunen, seier Sandvik.

Nordfjordeid

BLIR DET SKIFTE?: Senterpartiet må gjere eit godt val i Eid om skal Sp og Ap ta makta.

Foto: Silje Guddal / NRK

Meiner Venstre prioriterer sentrum

Senterpartiet og Sigurd Reksnes må gjere eit godt val skal Sp og Ap ta makta. Venstre har no 13 representantar i kommunestyret. Reint fleirtal krev 15 representantar. Ap og Sp har åtte til saman. Reksnes kritiserer Venstre for å konsentrere seg om sentrum.

– Vi ønskjer at det skal bu og leve folk i heile kommunen. Vi synest at det regimet som har styrt no ikkje har evna å gjere det på ein god måte. Den mest opprivande saka vi har hatt denne perioden er nedlegginga av Kjølsdalen skule, seier ordførarkandidaten.

– Eg tenkjer dette er ein klassisk hol retorikk som Senterpartiet er vant med å kome med, og kjem med av gammal vane, og som er heilt feil, svarar Alfred Bjørlo.

Ordføraren for Venstre som gjorde eit brakval for fire år sidan.

– Vi valde å samle elevane i ytre, i Stårheim, vi sentraliserte ikkje til sentrum. Det grepet vi gjorde, har bidrege til at vi har to millionar kroner meir i året til drift av skule i Eid, seier Bjørlo.

Har veljarane gløymt?

Ein av årsakene til valresultatet i 2011 finn ein i sjukehusstriden. Arbeidarpartiet sine plassar i kommunestyret vart nær utradert. Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet er usikker på om veljarane har gløymt.

– Ganske mange eg snakkar med uttrykker misnøye med at dei let seg blende av sjukehussaka ved sist val. Det har ikkje blitt så mykje fokus på dei tinga som dei hadde ønskt i denne perioden, seier Sandvik.

Sittande ordførar Bjørlo vedgår at han har eit tøft valresultat å forsvare.

– Eg håpar at veldig mange veljarar som skifta parti den gongen ser at det er ei heilt anna fart på utviklinga i Eid no, seier Bjørlo.

Kupplanane til sine politiske motstandarar kommenterer venstrepolitikaren slik.

– Dette er val og demokrati. Vil folk at Senterpartiet og Arbeidarpartiet skal ta styringa i Eid, og Sigurd Reksnes skal bli ny ordførar, så får dei stemme på Sp og Ap. Viss dei ikkje trur det er det beste for vekst og utvikling i Eid, så stemmer dei på Venstre eller andre parti.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.