Hopp til innhold

Ap og KrF finn saman

Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti har funne kvarandre i fleire kommunar og fylkeskommunar i landet etter lokalvalet denne veka.

Åshild Kjelsnes og Trude Brosvik

SAMDE I MYKJE: Åshild Kjelsnes (Ap) og Trude Brosvik (KrF) samarbeider.

Foto: Stein Aase / NRK

Bergen, Grimstad, Hordaland og Sogn og Fjordane er berre nokre kommunar og fylkeskommunar der dei raude og gule skal styre saman dei neste fire åra.

Dette bør ha rikspolitisk interesse, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes frå Ap.

– Forhåpentlegvis vil det vise seg at det er ei god blokk som har funne saman. Eg vil tru at dei som sit i regjeringskontora ikkje har ein god dag på jobben akkurat no, seier ho.

– Skeptiske til Høgre og Frp

I Sogn og Fjordane og mange andre plassar i landet har Kristeleg Folkeparti snudd ryggen til dei borgarlege partia og gått inn i samarbeid med mellom andre Arbeidarpartiet. Etter lokalvalet på måndag skal KrF styra fylkespolitikken i Sogn og Fjordane i lag med SV, Senterpartiet og Ap.

– Erfaringa frå forrige perioden viser at det er dei vi har stemt mest i lag med, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

– Sogn og Fjordane KrF har heile tida vore skeptiske til samarbeidet med Høgre og Frp på riksplan, og det har vi gitt til kjenne innover i vårt parti.

Kjersti Stenseng

- INTERESSANT: Partisekretær Kjersti Stenseng i Ap.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

KrF har valt å samarbeida med Ap òg i kommunar som Bergen, Lindås, Finnøy, Grimstad og Hordaland fylkeskommune, i tillegg til altså i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Eg synest konstellasjonen i Sogn og Fjordane er interessant, det same er konstellasjonen i Hordaland. Det eg har sagt er at det er til god inspirasjon for å skape godt samarbeid i kommunevalet, men eg tenker og på vegen som skal leggast fram mot 2017, seier partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng.

– Flott, seier Hareide

KrFs leder Knut Arild Hareide.

- FLOTT: KRf-leiar Knut Arild Hareide.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

For regjeringspartia Høgre og Frp blei lokalvalsresultata dyster lesnad. Ap si openlyse flørting med KrF i valkampen kan difor vera godt nytt for partileiar Knut Arild Hareide. Eit større press på Erna Solberg aukar sjansane for gjennomslag, slik Hareide ser det. KrF-leiaren vil derimot ikkje svara på Ap sine frieri før partiet hans har teke stilling i 2017.

– Eg synest det er flott at KrF kjem i posisjon i Sogn og Fjordane og Hordaland, og no truleg også i Bergen. KrF er eit sentrumsparti, i einskilde kommunar får eg beskjed om at vi samarbeider med Ap og Sp, andre plassar med Høgre og Venstre.

Føregangsfylke for raudgrønt samarbeid

Dersom Sogn og Fjordane skulle bli ein prøvekanin for eit raudgrøngult samarbeid i rikspolitikken, er det i så fall ikkje fyrste gongen. Også for det raudgrøne regjeringssamarbeidet var vestlandsfylket ein forsøksklut, seier avtroppande fylkesordførar Kjelsnes.

– Det er faktisk ein parallell, for vi starta det raudgrøne samarbeidet to år før det skjedde på riksplan, og det var nok ein reaksjon på den politikken den borgarlege regjeringa førte den gongen.