Hopp til innhold

Ap-målet: To på tinget og ny regjering

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane Arbeidarparti peikar på regjeringspartia som hovudmotstandarar. Medan Senterpartiet er inne varmen igjen.

Hilmar Høl på talarstol

KAMERATAR: Fylkesleiar og andre andrekandidat til Stortinget, Hilmar Høl, vil motiverer sine partifellar til kjempe han inn på tinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi treng ei Ap-styrt regjering med Senterpartiet med på laget!

Det sa fylkesleiar Hilmar Høl i si opningstale til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Det er temmeleg nøyaktig eitt år sidan den same mannen, stod på den same talarstolen og hadde ein heilt annan bodskap.

Då tora han mot samarbeidspartnaren, og kalla Sp eit nei-til-alt-parti.

Spark til Sp

– Vi er på same lag, sa Høl.

Men han kom likevel med eit spark til Senterpartiet:

– Sjølv om Sp brukte tid til å kritisere vår ståstad i regionspørsmålet, så har ikkje eg tenkt å nemne med eit einaste ord at fylkesleiaren i Sp jublar for kommunesamanslåing i Nordfjord, trass i at han er i mot.

– Og at fylkesordføraren frå Sp ber ordføraren i Leikanger om å ikkje seie imot tvang, trass i at Sp er imot det. Som sagt skal eg vil ikkje nemne det med eit ord, sa han til latter og spreidd applaus i salen.

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap

SAMLING: 115 delegatar frå heile fylket er samla i møtesalen på Sunnfjord hotell.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Krev fylkesmannsete i Sogn

115 delegatar frå 26 lokallag og ungdomspartiet AUF er samla i toppetasjen på Sunnfjord hotell.

Heile 92 ulike framlegg er komne inn. Mellom anna om kjøtfrie kantiner, fjorddeponi i Førdefjorden, aktiv dødshjelp, kommunetvang og ei heil rekkje saker innanfor samferdsel og arbeidsliv.

I talen bad Høl om støtte for å sikre statlege arbeidsplassar i Sogn.

– Fredag vart det klart at regjeringa slår saman fylkesmannsembeta for Sogn og Fjordane og Hordaland. Samtidig vart det slege fast at Sogn og Fjordane var «heldige» som fekk halde på dei arbeidsplassane vi allereie har. Det skulle berre mangle. Det må vere grenser for sjølv denne regjeringa si sentraliseringsiver.

– Regjeringa torpederer samarbeidsavtalen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane!

Jon Håkon Odd på talarstol

STØTTE: Ap-ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger er glad for støtta frå fylkespartiet til å sikre statlege arbeidsplassar i kommunen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han bad om støtte frå fylkesårsmøtet til å krevje at fylkesmannen i det framtidige Vestlandsfylket skal sitte i Leikanger.

Det fekk han i form av drønnande applaus.

Blant dei som klappa hardast var Ap-ordførar Jon Håkon Odd Leikanger.

– Eg er glad for at partiet ser at dette er ein viktig premiss for Vestlandsregionen. Det er ei viktig sak for både Leikanger og Sogn, seier han til NRK.

Ingrid Heggø og Hilmar Høl på fylkesårsmøte

KANDIDATAR: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø og fylkesleiar og andrekandidat Hilmar Høl, følgjer fylkesårsmøtet frå første rad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

To på tinget

Arbeidarpartiet har reelle sjansar til å kunne få to av dei totalt fire stortingsmandata i Sogn og Fjordane.

Det betyr i så fall stortingsplass også for Høl, sjølv. Men då må dei bli største parti.

Og i tillegg må dei bli 2,14 gonger større enn Høgre.

– Det er målet vårt. Høgre/Frp-regjeringa er vår hovudmotstandar. Vi treng ei ny regjering, med Ap i førarsetet, sa Hilmar Høl.