NRK Meny
Normal

Ap-leiaren vil lytte om fylkestinget snur om Vestlandsfylket

FLORØ (NRK): Snur fylkestinget i Sogn og Fjordane og seier nei til samanslåing med Hordaland, så lovar Jonas Gahr Støre at motstanden skal bli teken på alvor.

Jonas Gahr Støre i Florø

VALKAMPINNSPURT: Jonas Gahr Støre er måndag på besøk i alle dei fire Vestlandsfylka. NRK fekk nokre få minutt med statsministerkandidaten då han vitja Florø.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Val

På ei heseblesande friarferd på Vestlandet i dag var Arbeidarpartileiaren klar når han fekk spørsmål om kva som vil skje med det nye vestlandsfylket, dersom ein av partane set seg på bakbeina.

– Då vil vi lytte til det, seier Gahr Støre til NRK.no.

Uvisse om kva Ap vil gjere

Stemninga var munter då forhandlingsleiarane frå Sogn og Fjordane og Hordaland i januar i år signerte avtalen om å slå saman dei to fylka. Ein månad seinare var det eit klart fleirtal av fylkestingspolitikarane i Sogn og Fjordane som gav tommel opp for ei fylkessamanslåing.

Fire månader seinare hadde det nest største partiet i Sogn og Fjordane, Arbeidarpartiet, snudd. Fylkespartiet hadde då allereie fått lovnader frå partiet sentralt om at dei ikkje vil tvinge saman fylke som ikkje sjølv vil.

For halvanna veke sidan skapte det uvisse då partileiar Jonas Gahr Støre i ein artikkel i Bergens Tidende sa at han ikkje ville ha omkamp om vedtaket om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland.

Allereie same dag var partisekretær Kjersti Stenseng ute med ei presisering om at der det er fatta positive vedtak om samanslåing, så står desse fast.

– Eit initiativ om å gjere om vedtaket må i tilfelle komme frå fylkestinget i Sogn og Fjordane sjølv, skrev Stenseng i ein e-post til NRK.

Jonas Gahr Støre på valkampbesøk i Florø

REISE LANGS KYSTEN: Elevar frå Florø barneskulen hadde naturfagstime i fjæra då statsministerkandidat Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet vitja kystbyen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Gahr Støre: – Vi vil vere lydhøyre

Med ei veke att til valet besøker Gahr Støre i dag dei fire vestlandsfylka, frå Møre og Romsdal i nord, vidare til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland lengst sør. Med riksmedia på slep fartar dei raudgrøne sin statsministerkandidat rundt i helikopter, og tok seg tid til å svare på spørsmål då han landa i Florø.

– Om Sogn og Fjordane sitt fylkesting skulle snu, og ikkje ønskje ei samanslåing. Kva vil då bli gjort om Ap kjem i regjering?

– Då vil vi lytte til det. Arbeidarpartiet på Stortinget stemte imot denne samanslåinga, fordi det var ei klar oppfatning av føresetnadane ikkje var oppfylt. Så det ligg til grunn her. Då må fylkestinget ha eit nytt møte, og viss dei står på at dei ønskjer å endre på det, så vil vi vere lydhøyre for det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.