Hopp til innhold

Hanne Kristine er framleis sakna

AUF-leiar i Sogn og Fjordane, Hanne Kristine Fridtun, er på lista over dei sakna etter tragedien på Utøya.

Hanne Kristine Fridtun

Hanne Kristine Fridtun. Privat foto, brukt med løyve frå familien.

Foto: privat foto

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, har hatt nær kontakt med familien til den sakna gjennom helga.

Han stadfestar at Hanne Kristine ikkje er blant dei skadde som er innlagt på ulike sjukehus i Austlandsområdet.

Frykteleg tungt

– Eg har hatt kontakt med familien, og det er klart at dei tek dette veldig, veldig tungt, men med fatning, fortel ein svært prega Nils P. Støyva til NRK.

Nils P. Støyva

DJUP SORG: Ap-leiar i Sogn og Fjordane, Nils P. Støyva, kjenner den sakna AUFaren Hanne Kristine Fridtun godt.

Foto: Sogn Avis / arkiv

Sundag ettermiddag vart det halde ei open markering i Betania i Stryn, etter tragediane i Oslo og på Utøya.

Sokneprest Kjetil Netland opplyser til Fjordingen at det vert ope hus frå klokka 13, med informasjon klokka 14.00 og 17.00.

Skulle ha møte måndag

Nils P. Støyva, som i tillegg til å vere fylkesleiar i Ap, også er ordførar i Stryn, skulle eigentleg hatt eit møte med Hanne Kristine Fridtun måndag ettermiddag.

Då skulle ho kome på kontoret hans og mellom anna fortelje om turen til AUF-leiren på Utøya.

– Vi hadde ein avtale om at ho skulle stikke innom kontoret etter arbeidstid i morgon, og det blir ein heilt spesiell dag for meg og. Dette er frykteleg tungt for alle, meiner Støyva.

– Det er heilt uverkeleg. Eg kjenner ho Hanne Kristine veldig godt. Vi har hatt eit nært politisk samarbeid i mange saker, så for meg er det no heilt uverkeleg at ho er sakna, seier fylkesleiaren.

Hanne Kristine Fridtun

Privat foto, brukt med løyve frå familien.

Foto: privat foto

Sterkt engasjement

Han fortel om ein ung politikar med sterk omtanke og mykje varme for folk i lokalsamfunnet og ikkje minst dei svake gruppene. Han syner mellom anna til eit utspel ho hadde nyleg om tilhøva for rullestolbrukarar i Stryn sentrum.

Han forstår at mange har sterke tankar etter den ufattelege tragedien på Utøya.

– Frå måndag morgon oppbemannar vi kontoret vårt i Førde, og søndag kveld er det samling for partimedlemer og AUF-medlemer i Florø, fortel Støyva.

Følgjer opp familiane

I alt 67 personar har vore eller er til behandling for skadar etter Utøya-skytinga. Fleire er framleis sakna, og mellom dei altså Hanne Kristine Fridtun frå Stryn.

Det var i alt fem ungdomar frå Sogn og Fjordane på sommarleiren. I tillegg til den sakna, var dette:

  • Torbjørn Vereide frå Sandane
  • Fred Ove Løtuft frå Gloppen
  • Thor Mehammer, fylkessekretær frå Florø
  • Kjetil Klakegg Bergheim frå Florø

Desse fire er i god behald, og skal vere anten komne heim, eller på veg heim frå katastrofeområdet.

– Vi skal gjere alt vi kan for å følgje opp familiane på ein best mogleg måte, seier Støyva.

Hanne Kristine Fridtun var i morgontimane måndag framleis blant dei sakna etter skytetragedien på Utøya.