UDI grunngav avslaget med at mannen til den iranske tobarnsmora på Hafslo tener for lite.
(Sjå Masoumeh kan likevel bli kasta ut)
– Djupt rysta
– Eg er djupt rysta over at det norske regelverket i 2004 er slik at ei kvinne skal vera avhengig av at ein mann skal stille opp og betale for hennar livsopphald, seier fylkesleiaren i Arbeidarpartiet.
Denne salva frå Tor Bremer kjem etter at Are Sauren og UDI i går avslo søknaden om familigjenforening for Masoumeh Bakhtiari og grunngav det med at mannen hennar tener for lite.
– Det Bakhtiari ønskjer når ho får opphaldløyve, er å koma seg i arbeid og forsørgje seg sjølv og ungane på ein skikkeleg måte og bidra i det norske samfunnet, seier Bremer.
Feil fokus frå UDI
Tor Bremer er ein av dei som har engasjert seg mest for at Masoumeh Bakhtiari skal få bli på Hafslo. Han trudde at giftarmålet som vart inngått i vinter skulle få UDI til å sjå annleis på saka, men nok ein gong vart det avslag. No lar ikkje den profilerte fylkespolitikaren seg lenger overraske over utlendingsdirektoratet.
Han håper likevel at UDI fokuserer meir på sjansane for at Bakhtiari sjølv kan kome i arbeid når dei behandlar klagen om familiegjenforening.