Hopp til innhold

Ap-leiar fryktar utmeldingar etter Helsehus-saka

Vedtaket om å bruke 15 millionar på eit Helsehus i Øvre Årdal har vekt sterke kjensler Årdal kommune. No seier fleire at dei kan tenke seg å melde seg ut av Arbeidarpartiet.

Røysta for helsehus

SPLITTA: Helsehus-voteringa i kommunestyret enda til slutt med 12 stemmer for og ni i mot nytt helsehus.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er klart at det betyr noko. Vi må no ha ei møte på dette, så vi får diskutert vegen framover.

Det seier partileiaren i Årdal, Morten Skarsbø, som tek signala om utmeldingar på alvor.

– Vi må vere så audmjuke at vi vil ha alle dei medlemene vi kan få, og når det blir ein del utmeldingar så må vi finne ut kva skal gjere.

Helsehus ein heit potet

Årdal er den kommunen i landet som har størst Arbeiderpartioppslutning, og har heile 16 av 21 representantar i kommunestyret. Helsehus- saka har vore ein brennheit potet også innanfor det største partiet i kommunen.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Sigfrid Eide melder seg ut at politikken

FERDIG: Sigfrid Eide seier takk for seg i både politikken og Arbeidarpartiet etter helsehus-vedtaket.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sigfrid Eide var den første til å melde at ho trekkjer seg ut av Arbeidarpartiet etter vedtaket om å byggje eit Helsehus til 15 millionar kroner i Øvre Årdal. Grunnen er den dårlege økonomien i kommunen.

– Ja eg kjem til å trekke med frå lista etter denne avgjerda. I den økonomiske situasjonen som Årdal kommune er i no, der ein raslar med sablane om å seie opp personale for å spare pengar, så finn eg dette uansvarleg å vere med på.

Trur fleire vil følge etter.

– Eg trur det er dei som vurderer det, men at de ikkje heilt har bestemt seg enno, men for mitt vedkomande så er det finitio.

Dette gjer at Skarsbø fryktar Helsehus-saka kan rokke ved Arbeidarpartiet si sterke stilling i industribygda.

– No er det val om eitt år og det er fort at folk har dette i bakhovudet

Sigfried Eide, som no takkar for seg i politikken, er sikker på at denne saka vil få konsekvensar.

–Det vil vise seg ved neste val.