Arbeidarpartiet vil utsetje valet av styreleiar i Fjord1 for å gje Senterpartiet ein ny sjanse til å finna ein annan kandidat enn Jarle Skartun. - Vi ønskjer å auke presset mot Senterpartiet ytterlegare, seier fungerande gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes.
Krev at Skartun går
Arbeidarpartiet har i lang tid flagga sterkt eit krav om at senterpartimannen Jarle Skartun må gå som styreleiar i Fjord1. Bakgrunnen er at Skartun er mot ei samanslåing av fylkesbåtane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i strid med både dei tilsette og heile det politiske miljøet i Sogn og Fjordane.
Det er bestemt at Sogn og Fjordane skal ha styreleiaren i Fjord1, og Arbeidarpartiet og Senterpartiet har avtalt seg i mellom at Senterpartiet skal ha leiarvervet. - Vi vil ikkje bryte avtalen, seier Åshild Kjelsnes.