Hopp til innhold

Ap kan snu i fylkessamanslåing-spørsmålet: – Intensjonsavtalen er ikkje følgt opp

Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner intensjonsavtalen om samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje er følgt opp. No vil dei stemme nei til samanslåing.

Hilmar Høl på talarstol

Leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi var positive til samanslåing då vi starta med intensjonsavtalen. Men om ikkje føresetnadane i avtalen vert følgt opp vil og lite er gjort med tanke på tilføring av nye oppgåver til regionen vil vi stemma imot.

Det seier leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl til NRK. 6. juni skal fylkesstyret og fylkestingsgruppa legge fram si innstilling til representantskapet i partiet.

Sogn Avis omtalte saka først.

Har ikkje levert

17. januar vart det signert ein intensjonsavtale om samanslåing mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. 2. februar gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for ei frivillig samanslåing. Men Høl føler det ikkje er frivillig lengre.

– I avtalen stod det at Fylkesmannen skulle bli verande på Leikanger, men der har ingenting blitt bestemt. Vi må sjå at regionen vert tilført noko i form av statlege arbeidsplassar. Om vi ikkje får det kan vi like godt stå aleine, seier Høl.

1. juni legg regjeringa fram si innstilling og den 8. juni vert det behandla i stortinget.

– Derfor tar vi eit møte mellom dei datoane, seier Høl, som er positiv til ei samanslåing, under gitte føresetnadar.

– Dersom nye oppgåver blir tilført i tilstrekkeleg grad, og intensjonsavtalen vert følgt opp, så vil vi støtte at forhandlingane om samanslåing vert fullført, seier han.

Stortingsrepresentant for partiet, Ingrid Heggø sa mykje det same fylkestinget gjekk inn for samanslåing i februar.

– Det er eit absolutt krav ifrå fylkestinget at det skal kome nye oppgåver, og at dagens 19 fylke skal reduserast til om lag ti regionar. Om ikkje dei to tinga fell på plass, så er ikkje avtalen bindande, sa Ingrid Heggø den gang.