Hopp til innhold

Ap-gruppa i Førde seier ja til Brulandsvellene

Bystyregruppa til Arbeidarpartiet i Førde bestemte seg tysdag kveld for å seie ja til storhandelspark på Brulandsvellene.

Skisse over planane på Brulandsvellene i Førde

SEIER JA TIL UTBYGGING: AP-gruppa i Førde vil ha storhandel på Brulandsvellene.

Foto: Asplan Viak, skisse

– Vi har bestemt oss for å følge tilrådinga frå rådmannen, med dei restriksjonane som ligg der, seier Terje Gjertsen, som er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret i Førde.

På Brulandsvellene utanfor Førde sentrum er det planar om ein handelspark på 70.000 kvadratmeter på Brulandsvellene. Mange fryktar at dette vil sparke bein under butikkane i sentrum og ynskjer avgrensing på kva butikkar som skal få etablere seg der. Arbeidarpartiet har den største bystyregruppa og med vedtaket deira ligg det an til at handelsparken får fleirtal i bystyret.

– Skal vere storhandel

Terje Gjertsen

SEIER JA TIL STORHANDELSPARK: Terje Gjertsen er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret i Førde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Gjertsen seier dei deler synet på at butikkane må vere over 1500 rutemeter, og det skal primært vere varer som ein treng bil for å transportere.

– Vi snakkar då om byggevarer, møblar, bilar, båtar og landbruksutstyr, altså store ting som ein kanskje heller ikkje vil ha i sentrum.

Samstundes seier dei og at dei ikkje ynskjer skal vere på Brulandsvellene som til dømes kjøpesenter, sentrumshandel og tenesteyting.

– Eg har alltid sagt at arealplanen er meir enn Bruland, og det syner denne saka til gangs, for alt heng saman med kvarandre. No er det også tiltak rundt sentrum som vi meiner vil bøte på dei konsekvensane ei utbygging på Brulandsvellene vil ha for sentrum.

Vanskeleg sak

– Dette er ei vanskeleg sak som vi har halde på med i nær sagt år. Vi har hatt mange diskusjonar, og fått inn mange innspel til saka.

Tidlegare i år arrangerte Arbeidarpartiet i Førde folkemøtet om utbyggingsplanane på Brulandsvellene. Der uttrykte blant andre professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam, skepsis til planane.

– Eg trur at med dei avgrensingane som det no blir lagt opp til for handelsparken på Brulandsvellene så vil vi få til ein balanse. Førde er bygt opp på handel og vi må sikre oss at vi beheld posisjonen vi har i dag, seier Gjertsen.

Torsdag 21. mai skal saka opp i planutvalet før bystyret skal handsame saka den 28. mai.