Ap gir lite håp til gruvemotstandarane

Arbeidarpartiet (Ap) har endå ikkje vurdert Senterpartiet sitt forslag som kan gje nye utgreiingar i den omstridde gruvesaka i Naustdal, men gir lite håp til gruvemotstandarane.

Terje Lien Aasland
Foto: NRK

Etter forslag frå Ap kjem Stortinget til å pålegge regjeringa å greie ut alternativ til sjødeponi i alle framtidige gruveprosjekt. Men heilt mot slutten av handsaminga i energi- og miljøkomiteen sitt møte i dag, tok saka ei overraskande vending: Senterpartiet (Sp) foreslo at dette bør gjelde også for Førdefjorden.

Energipolitisk talsmann for Ap, Terje Aasland seier til NRK at det er umogleg å ta stilling til konsekvensane av forslaget til Sp, som kom inn i siste liten, før partibehandlinga dei neste dagane og stortingsbehandlinga tysdag.

– Vi ønskjer at nye, framtidige søknader om utsleppsløyve og deponering skal innehalde konsekvensutgreiingar av alle deponiløysingar som blir diskuterte og er aktuelle. Når det gjeld det konkrete forslaget frå Senterpartiet har vi ikkje vurdert det endå, seier han.

Ikkje fleirtal for at Stortinget får ansvar for utsleppsløyve

Regjeringa har allereie gjeve Nordic Mining utvinningsløyve og utsleppsløyve som skal formelt endeleg vedtakast i statsråd.

Aasland er klar på at Ap vil at utvinningsløyve og utsleppsløyve skal vere regjeringa sitt ansvar, også i framtida. Dermed vart det i stortingshandsaminga i dag ikkje fleirtal for at Stortinget får ansvar for avgjerder i gruvesaker i framtida, korkje når det gjeld Førdefjorden, Repparfjorden i Finnmark eller andre gruvesaker.

Når det gjeld Førdefjorden konkret, gjentek Aasland Ap sitt tidlegare standpunkt.

– Vi legg til grunn at regjeringa si avgjerd er teke på best mogleg faglege råd, og at dei er veldig tydelege på at miljø- og ressurskvaliteten i området ikkje skal forringast. Altså at det må førast ein streng kontroll og overvaking av situasjonen i området, og at det blir umiddelbar stans om grenseverdiane som er sett blir overskridne.