NRK Meny
Normal

Ap fekk stryk i Bremanger

Terrasaka er truleg årsaka til at Arbeidarpartiet blir bortimot halvert i Bremanger.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Ap og Kåre Olav Svarstad fekk svi for Terraskandalen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Partiet fekk 48,1 prosent ved valet i 2007,11 representantar i kommunestyret og Kåre Olav Svarstad som ordførar. Fasiten etter at veljarane har sagt sitt i 2011 er ein oppslutnad på 25,7 prosent og seks representantar.

Terra og sjukehus

Måten kommuneleiinga har handtert Terraskandalen er truleg ei av årsakene til den store tilbakegangen, i tillegg er Bremanger ein av kommunane der sjukehussaka råkar Arbeidarpartiet.

Høgre-ordførar?

Kåre Olav Svarstad har sagt frå seg attval, og det er Bjørnar Førde som er toppkandidaten til Ap. Om han kan overta ordførarstolen er høgst uvisst. Høgre med Audun Åge Røys som ordførarkandidat har like mange mandat.

Det er Høgre (+9,4), Senterpartiet (+7,7) og Venstre (+5.9) som fangar opp dei veljarane som har forlete Ap.

Her er valresultata i Bremanger .

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser