NRK Meny
Normal

Ap er fylkets største parti

Arbeidarpartiet ser ut til å gå mot eit godt fylkestingsval førstkommande måndag.

Åshild Kjelsnes

STØRST: Med Åshild Kjelsnes som fylkesordførarkandidat, er Arbeidarpartiet igjen største parti i fylket viser ei meiningsmåling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ifølgje ei meiningsmåling som Sentio har gjort for Firda, Firdaposten og Sogn Avis, har Arbeidarpartiet ein oppslutnad på over 30 prosent.

Dermed dreg dei i frå Senterpartiet, og er attende som fylkes største parti.

– Målinga viser ei gledeleg utvikling i høve til tidlegare tal. Men det som tel er valresultatet. Vi må stå på, seier fylkesleiar i Ap, Åshild Kjelsnes, til Firda.

– Vi leverer

Målinga viser at Senterpartiet går attende 5,5 prosent i høve valet i 2007. Med ein oppslutnad på 23,5 prosent vil dei misse to mandat på tinget. Regjeringspartiet derimot har gått fram med 2,4 prosent.

Høgre er det tredje største partiet, med 15,3 prosent. Ein framgong på 3,7 prosent. SV og Framstegspartiet går attende med 1,6 og 1,2 prosent til høvesvis 4,0 og 8,3 prosent.

– Eg meiner at arbeidarpartiet har ein solid politikk. Vi viser at vi leverer. Finanskrisa kom vi igjennom utan nedgong i industriarbeidsplassar, seier Kjelsnes til NRK.no.

– Ap ligg litt høgt

Det er Senterpartiet som sit med ordførarklubba, og Jenny Følling som er partiet sin fylkesordførarkandidat ved årets val.

Målinga er ikkje like lysteleg lesnad for den noverande Gaular-ordføraren.

– Senterpartiet er på lag der vi plar vere på tilsvarande målingar på tidlegare val. Ved førre måling var vi jamstore. Det spesielle no er at Ap ligg litt høgt, vedgår ho.

Lågt i 2007

Også ho minner om at det er på valdagen måndag 12. september at den endelege målinga kjem.

– Senterpartiet har alltid litt problem med å ta ut potensialet ved målingar, men gjer det alltid betre ved val. I 2007 låg senterpartiet på kring 24 prosent oppslutnad, så vi meiner det er fullt mogleg å gjere eit godt val på dette resultatet, legg ho til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.