Hopp til innhold

Annika (15) vart «stand-in» for Stedje

Då Olav Stedje måtte melde pass på grunn av sjukdom, stilte 15 år gamle Annika Beinnes opp då NRK sin sommarbåt besøkte Høyanger.

15 år gamle Annika Beinnes måtte steppe inn då Olav Stedje vart sjuk. Her er opptreden hennar i Sommaråpent frå Høyanger.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå Annika Beinnes si framføring av "Sommernatt ved fjorden".

– Det var synd at Olav Stedje vart sjuk, men det var jo i grunn bra for meg. Så det var utruleg moro å få lov til å syngje under sendinga, fortel Annika Beinnes.

Den 15 år gamle jenta frå Vadheim i Høyanger fekk gladbeskjeden få dagar før M/S Sjøkurs kom siglande inn Høyangerfjorden. Planen var nemleg at den folkekjære artisten frå Sogndal skulle opptre, men på grunn av sjukdom måtte sogndølen melde pass.

– Eg vart veldig glad. Det betydde mykje for meg. Eg har ikkje opptredd for eit så stort publikum før.

Sommarnatt ved fjorden

Annika Beinnes

NERVØS: Annika Beinnes fortel at ho var litt nervøs før ho entra scena under Sommaråpent torsdag kveld. Eit så stort publikum har ho ikkje hatt før.

Foto: NRK

Den unge vaima-jenta valde Ketil Bjørnstad sin «Sommarnatt ved fjorden», og tykkjer sjølv den passa ypparleg denne sommarkvelden.

– Eg syns den passa veldig godt. Den hadde jo fem vers, men det gjekk fint sidan eg fekk lov til å ha ein liten tekst med meg, seier Beinnes.

Då ho kom heim att i går kveld fekk ho sett reprisen av sendinga og er sjølv svært nøgd med eiga framføring.

– Før eg gjekk på scena var eg veldig nervøs, det kribla i magen, for det skulle jo gå direkte. Men det gjekk veldig fint og akkurat slik det skulle. Så eg er veldig fornøgd. Publikum stod jo rett framføre meg, og eg såg at dei smilte, fortel ho.

(Artikkelen held fram under bileta)

Sære kallenamn i Høyanger
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Klassisk song

Den klokkeklare røyste hennar imponerte mange, og Beinnes har fått mykje fine tilbakemeldingar. Grunnen til at ho har blitt så god trur ho er fordi ho alltid har likt å syngje.

– Men det er nok songskulen med ein lærar med klassisk utdanning som har lært meg å syngje slik.

Ho er svært glad for at båten tok turen til heimkommunen Høyanger.

– At dei reiser rundt og ser langs kysten og besøker plassane og vert kjent med folka som er der er veldig bra. Til dømes var det artig at dei brukte kallenamna i Høyanger i går, som er veldig spesielt her, fortel ho.

Kaien i Høyanger

FOLKSAMT: Slik såg det ut på kaia i Høyanger då Annika song.

Foto: NRK