Hopp til innhold

Annika (14) syng saman med eit av verdas eldste orkester

Tysdag imponerte fjorten år gamle Annika Beinnes frå Vadheim då ho song saman med Bergen Filharmoniske Orkester i Bergen si storstove Grieghallen. I kveld og i morgon spelar ho i Førde og Sogndal.

Annika Beinnes og Bernt E. Bauge

TALENT: Annika Beinnes, her i NRK sitt studio i Førde, saman med direktør for Bergen Filharmoniske Orkester, Bernt E. Bauge.

Foto: NRK

Det er Bergens Tidende sin store nyttårskonsert som har gjeve Beinnes moglegheita til å synge med filharmonien. Ei heilt ny oppleving for 14-åringen.

– Eg har jobba med same songen i nesten eitt år. Men dei gongane eg har framført han, har eg gjort det med piano. Dette er veldig annleis, seier Beinnes.

Trass sin unge alder, har ho allereie vore med på mykje. I 2013 vann ho MGP Lokal, ho har delteke på Norske Talenter på TV2, og no syng ho altså med Bergens Filharmoniske Orkester.

– Dette er mykje meir enn tidlegare. Det løftar meg opp, og eg følte dei i ryggen og støtta det gav meg, seier ho.

– Eit strålande songtalent

Nyttårskonserten til filharmonien er ein årelang tradisjon, og dei er svært glade for å ha med seg Beinnes i år.

– Annika er eit strålande songtalent og det var ein fryd å høyre henne både tysdag og onsdag. Eg gler meg til dei neste dagane, seier Bernt E. Bauge, direktør for Bergen Filharmoniske Orkester.

Det er ikkje kven som helst ho får ros av. Orkesteret er eit av verdas eldste, og feirar 250 år i år. Til hausten startar dei opp med Bergens Filharmoniske Ungdomsorkester. Dei satsar hardt på unge talent, og Bauge seier Beinnes er eitt av dei.

– Ho er openbart på veldig riktig spor, syng veldig riktig og naturleg for mine øyre. Det er eit godt grunnlag for ei flott utvikling framover. Eg ønskjer henne verkeleg lykke til.

Vil synge ulike sjangrar

Første steg på vegen er konsertar i Førdehuset i Førde i kveld og i Sogndal i morgon. Anniken Beinnes skal framføre same songen som i Grieghallen.

– På heimebane er det ikkje mykje nervar, for her har eg sunge mange gonger før. Men i Grieghallen var det veldig mykje nervar!

– Enkelte seier jo at dei blir mest nervøse når dei skal synge føre folk dei kjenner?

– Eg eg har høyrt det, men eg synest det går veldig fint, eigentleg. Eg føler meg mykje tryggare då, seier Beinnes.

Det unge talentet tenkjer førebels ikkje mykje på framtida.

– Eg tenkjer mest på det som er her og no, og tek ting som dei kjem. Eg ønsker å halde fram med musikken. Eg har lyst å prøve alle sjangrane, for eg har eit ganske stort register i songen min, seier ho.