NRK Meny
Normal

Anni nyt godvêret, ho søv ute

BREIM (NRK): Anni Felde (74) frå Breim synest det er fint at sommaren har dukka opp att i september. For ho søv ute på altanen.

Anni Felde

SOV GODT I NATT: Anni Felde nyt den forseinka sommaren.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– I natt har eg sove godt. Det har vore god temperatur, og det har ikkje regna.

For Anni ligg ikkje ute dersom det er fare for regn. Men med dei vêrmeldingane vi har framover kan det bli fleire netter i friluft. Og temperaturen ser ikkje ut til å gå under 16 grader dei komande nettene.

For den tidlegare fylkespolitikaren er nærleiken til naturen ein viktig grunn til å forsake senga på soverommet og innrette seg ute på verandaen.

– For meg er naturen veldig viktig heile tida. Vi kan ikkje få det finare enn vi har det her på Vestlandet.

Ho har myggnett kring soveplassen sin, eit lite nattbord, og ho ligg i ein ullsovepose som ho bestilte ein gong ho var på eit bedriftsbesøk i eit varmare land.

– Eg er glad i ull, og når eg har den blir eg varm uansett vêr.

– Skuffa over august

I tillegg har ho ei dyne ho kan breie oppå soveposen. Men Anni må vedgå at det ikkje vart så mange netter ute som ho hadde tenkt seg i den perioden som på kalenderen blir kalla sommar.

– Eg var skuffa over august, for då var det så mykje regn. Eg likar ikkje å ligge ute når det blir fuktig, eg må ha det tørt.

Difor var ho glad då ho høyrde vêrmeldingane i helga.

– Det første eg tenkte var at no kan eg ligge ute. Eg får håpe eg kan gjere det heile veka.

Opp mot 24 grader, så kjem regnet

Anni Felde er ikkje åleine om å gle seg over dei varme vindane som gjer trivselsfylket endå finare å bu i. Fram til og med fredag kan vi sjå fram til sol og opp mot 24 grader på dagtid og over 16 grader midt på natta.

Rett nok er det fare for nokre ettermiddagsbyer enkelte stader onsdag kveld, men i det store og det heile får vi att for mykje dårleg vêr tidlegare i sommar.

Men laurdag blir det vått over det meste av fylket. Unnataket ser ut til å bli Luster, Lærdal og Årdal, der yr.no har varsla skya opphaldsvêr.

Her ser du flotte bileta på Instagram – merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.