Hopp til innhold

– Han var ein god mann, det er like viktig i dag

I oktober møtte Annelin Værøy (15) den siste attlevande etter deportasjonen av norske jødar til Auschwitz. I dag døydde Samuel Steinmann (91). Han gjorde eit varig inntrykk på den unge jenta.

Annelin Værøy fekk besøke Samuel Steinmann

MØTTE HELTEN: Annelin Værøy saman med Samuel Steinmann i fjor haust.

Foto: Privat

– Eg stod opp rundt 09.30 og då kom mamma til meg og sa at ho hadde ein trist beskjed. Då ho sa det gjaldt Samuel Steinmann, skjønte eg at han var vekke, seier Værøy.

Samuel Steinmann (91) døydde i natt. Han var den siste attlevande av dei 532 norske jødane som vart frakta til konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau 26. november 1942. Der sat han til amerikanske soldatar redda han i april 1945.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på han som siste vitne. Det er ikkje difor det er trist, men like mykje fordi han var ein god mann. Det er like viktig å få fram i dag.

HOLOCAUST SAMUEL STEINMANN

DØYDDE: Samuel Steinmann var den siste attlevande av dei norske jødane som blei sendt til konsentrasjonsleirane.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Eit sterkt møte

I oktober opplevde ho eit heilt unikt møte med Steinmann, som vanlegvis ikkje tok i mot besøk av media eller skuleelevar som skulle skrive oppgåver.

Etter å ha lese boka «I slik en natt» tok Værøy kontakt med Steinmann, og hadde tre telefonsamtalar med han. Men ho skulle ikkje skrive oppgåve. For ho var meir interessert i personen. Det blei til eit fantastisk møte.

Også etter møtet i Oslo i oktober, har dei vore i kontakt.

– Eg har snakka med han for ein til to månadar sidan. Eg ringde for å høyre korleis han hadde det. Det var ein kort samtale, men det var godt å høyre stemma hans igjen. Han var god mann, ein ekte mann med sjarm, seier Værøy.

Set ekstra pris på ting no

Værøy skildrar denne dagen som trist. Møtet på halvanna time i haust, og telefonsamtalane utanom, har likevel gjeve ho mykje god ballast for framtida.

– Han har gjort eit stort inntrykk på meg. Det han har vore gjennom gjer at eg set pris på det eg har. Eg set veldig pris på at han ville møte meg.

Norsk dokumentar. 
Før krigen levde det drøyt to tusen jøder i Norge. I dag er bare et fåtall i live. Fem av dem forteller sin historie i denne dokumentaren.To kvinner og tre menn henter sine minner opp til overflaten i en rystende, men nøktern beretning.

VIDEO: Sjå dokumentaren Holocaust – Tidsvitner, der mellom anna Jo Benkow (biletet) og Samuel Steinmann var med.