Hopp til innhold

Anne Karin Hamre blir ny fylkesmann

Assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre blir den første kvinnelege fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Anne Karin Hamre

HISTORISK: Anne Karin Hamre seier at gjennomføringa av samhandlingsreforma vert ei av dei viktigaste oppgåvene hennar.

Foto: Anne Gro Fredheim

Hamre har vore tilsett hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sidan 1998 og rykkjer opp frå stillinga som assisterande fylkesmann.

45-åringen har dei siste tre åra vore assisterande fylkesmann, og var i perioden 2006 til 2008 administrasjonssjef i embetet. Ho blir den første kvinnelege fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ho blir også den yngste fylkesmannen i landet.

– Eg gler meg til å jobbe som fylkesmann i landets vakraste fylke, seier Hamre til fylkesmannen sine nettsider.

Gratulerer fylket

Hamre tek over embetet som statens fremste representant i fylket etter Oddvar Flæte. Hamre er i dag assisterande fylkesmann, og har bakgrunn som journalist, høgskulelektor og administrativ leiar.

– Eg vil gratulere fylket med å få ein veldig kvalifisert fylkesmann. Ho kan fylket, ho kan embetet og er 20 år yngre enn meg. Eg tykkjer det er kjempefint, seier avtroppande fylkesmann, Oddvar Flæte.

– Flott

Hamre var mellom åtte søkjarar til den ledige stillinga. Ho vart stadfesta ny fylkesmann under ein pressekonferanse i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Flæte meiner departementet har lagt vekt på Hamre sin kompetanse og hennar måte å drive på.

– Som assisterande har ho vore fast med på fylkesmannmøta og sett spor etter seg der. No er det slik at fylket ikkje dårlegare drive enn fylke med politiske leiarar. Eg tykkjer det er flott at ein profesjonell, kvinneleg administrator kan gå inn å styrke fylket, legg han til.

– Ny måte

Hamre er den einaste av dei nye fylkesmennene som har rykt opp frå stillinga som assisterande fylkesmann.

– Samhandlingsreforma er ei av dei tinga ho oppteken av. Som assisterande har ho naturleg vore i bakgrunnen, no må ho ut på bana i ein annan grad og møte innbyggjarane på ein annan måte, seier Flæte.