Hopp til innhold

Anne frå Stryn jobbar som stubbebrytar

Anne Flore frå Stryn har eit heller spesielt yrke. Strynejenta har nemleg starta eige firma som stubbebrytar.

Anne Flore

SPESIELL JOBB: Anne Flore, fjernar stubbar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg likar veldig godt lukta av tre og sagmugg, seier Flore.

Sjølv meiner strynejenta ho er arveleg belasta, sidan faren dreiv sagbruk fram til han vart pensjonist

– Eg tykkjer det er veldig kjekt å få vere ute i skogen og felle tre.

Eiga bedrifta

Verksemda til Flore heiter Nordfjord Stubbeservice, og driv fyrst og fremst med fjerning av store og små trestubbar, slikt som står att når treet er felt. Når NRK møter ho er ho på arbeid i Vågsøy.

Anne Flore

STUBBEBRYTAR: Anne Flore på Jobb i Vågsøy for å fjerne stubbar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Stubben her 1,15 meter vid, forklarar Flore og peikar på stubben ho er i ferd med fjerne.

Til det brukar ho ei maskin, ein fres, som er spesielt konstruert for slikt arbeid.

– Stubbane blir godt oppmalne, så det er ei effektiv maskin til slikt arbeid, seier Flore.

Eiga nisje

– Vi kjøpte fresen og starta opp no i haust med stubbefjerning, i tillegg til trefelling, seier Flore.

Ideen til firmaet var det sambuaren som hadde, fortel Flore.

– Han snakkar med mykje folk, og fann ut at dette kunne vere noko for meg sidan eg likar så godt å vere ut i skogen.