Hopp til innhold

Anna skal leie elevane

Anna Holm Heide frå Sogndal er valgt til ny leiar av Elevorganisasjonen.

Anna Heide

Arkivfoto: Anna Holm Heide under ei reise i Sør-Afrika som representant frå Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Privat

19-åringen blei einstemming valgt under Elevtinget på Gardermoen i helga , skriv bt.no . Ho har jobba eit år som sentralstyremedlem.

Holm Heide skal overta leiarvervet 1. juli etter Ingrid Liland frå Nord-Trøndelag.

Elevorganisasjonen er ein partipolitisk uavhengig organisasjon med rundt 350 medlemsskular. Målet til Holm Heide er å gjere organisasjonen betre kjend.

- Eg har mange idear om kva som kan gjerast, for hovudproblemet er at for få veit om oss og kva vi kan tilby, seier ho.