Då ho skulle til å studere historie, ergra ho seg over at det handla nesten berre om menn. Kvar var kvinna i fortida vår, undrast ho. Og denne undringa vart til ei hovudoppgåve om kvinnerolla i Lesja, der Anna Jorunn vaks opp.
Fleire bøker
Seinare har ho vore medforfattar i boka "Opp først og sist i seng", og i fjor gav ho ut "Husmorparadiset" - om husmorrolla på 1950- og 60-talet.
Palestinaven
Anna Jorunn Avdem har budd i Lærdal i om lag 20 år, har vore lærar, og har engasjert seg både i lokalpolitikken, i kulturlivet og i venskapssambandet Lærdal - Jeriko.
No er ho tilsett som formidlingsleiar på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, der ho er spesielt oppteken av å få dei yngste interesserte i forhistoria vår.